Christian Nes (f.v.), Henrik Evjen, Arne Fiske og Ingebrikt Bævre roser brukerne av gjenvinningsstasjonene i Rindal og Surnadal.

Rosar brukarane etter glimrande år for lokale ReMidt-stasjonar

ReMidt-anlegget i Surnadal har den lågaste restavfallsandelen av alle selskapet sine anlegg, med Rindal hakk i hæl. – Det er brukarane som gjer jobben og som fortener honnøren, seier teamleiar Arne Fiske.

Det er liten tvil om at 2020 var eit godt år for dei lokale ReMidt-anlegga. Alt som vart levert frå ReMidt sitt anlegg i Surnadal i 2020, gjekk gjennom nålauget utan kvalitetsavvik.

– Det vil eg påstå er ganske bra. Kundane gjer ein veldig god jobb, seier Arne Fiske, som er sjef for dei to anlegga. Totalt er det seks tilsette ved ReMidt-stasjonane i dei to kommunane.

Han fortel at det er frykteleg godt nivå på sorteringsgraden både i Rindal og Surnadal.

– Sjølv om Rindal ligg litt etter Surnadal, er det ikkje så mykje at det er noko å snakke om. Eg vil seie at surnadalingane og rindalingane er jamgode. Restavfallsgraden er litt lågare i Surnadal, men det har nok med at anlegget i Surnadal er nyare.

Henrik Evjen driv anlegget i Rindal. På vinterstid åleine, medan han om sommaren er ein av to tilsette der. Han supplerer:

– Ja, det er jamt over det same i Rindal og Surnadal. Det er kanskje utsortert litt meir i Surnadal, sidan det er betre plass på anlegget.

Arne Fiske trur det kan vere fleire årsaker til at folk i dalføret er flinke.

– Først og fremst handlar det nok om at vi har ganske god plass, og dermed moglegheiter til å legge til rette. Vi har og gode opningstider, slik at vi er tilgjengelege, seier han, og legg til:

– Det gjer at kundane brukar gjenvinningsstasjonen, slik dei brukar nærbutikken. Der det tidlegare vart levert kjempestore lass, kjem folk no hit meir jamt når dei genererer avfall. Det er bra for oss, med tanke på å få til ei god sortering.

Tidleg ute med miljøvenlege nyvinningar

Henrik Evjen (f.v.) og Arne Fiske ved konteinaren med reint trevirke. I 2020 leverte ReMidt-stasjonen i Surnadal om lag 100 tonn av dette materialet, utan avvik.
Isopor vert no sortert ut frå restavfallet, til stor miljøgevinst.

For om lag eitt år sidan tok ReMidt-anlegget i Surnadal, som eitt av dei første anlegga i ReMidt-systemet, til å sortere ut reint trevirke. Det er tre som verken er impregnert eller måla, og som går direkte til materialgjenvinning og nye treprodukt. Det er denne typen tre som har høgst status innan bransjen, sidan det verken går til deponering eller forbrenning.

– I 2020 fekk vi til rundt 100 tonn reint trevirke, utan eit einaste avvik. Alt var så god kvalitet at vi fekk toppscore på det, seier Fiske.

Ei anna nyvinning er at ein no tek ut isopor i si heilheit, og leverer til materialgjenvinning. På ein liten månad, har anlegget i Surnadal generert snart 70 kubikk isopor, som tidlegare har gått som restavfall og vorte forbrent.

– Fordelen med å sortere det ut, er todelt. Det eine er at det blir til nye isoporprodukt, og det andre er at det blir betre plass i restavfallet, slik at vi klarer å fylle opp dei lassa betre. Dermed blir det mindre transport, totalt sett, av at vi gjer det på denne måten, seier Fiske.

Han kan bekrefte at det er fleire nyvinningar på veg. Blant anna kjem det eit nytt og betre konsept på hytterenovasjon etter kvart, og i tillegg vil det komme heilt nye informasjonsskilt på ReMidt-anlegga.

– Informasjonsskilta vi har på stasjonen skal skrotast i heile ReMidt-systemet. Vi skal følgje ein ny nasjonal standard, og nye skilt er bestilt. Eg håpar at vi har dei oppe her i løpet av første halvdelen av juni, seier Fiske, og fortsett:

– Dei vert penare å sjå på og symbola vert nye. No vert det slik at dei same symbola skal gå att på produkt og gjenvinningsstasjonane, slik at kundane skal kunne kjenne dei att. Så om ein er på ein flyplass i Bodø, ein gjenvinningsstasjon eller eit kjøpesenter, blir det likeins. Det er ein del forvirring i avfallsbransjen, og ei slik standardisering og forenkling kan hjelpe folk litt.

Ved stasjonen i Surnadal er det og fem Fretex-konteinarar, og Fiske fortel at det vert levert om lag 500-600 kilo tekstilar i dei - kvar veke. I tillegg har ein ombruksbua, som er veldig populær blant folk.

Kvar veke vert det levert rundt 500-600 kilo tekstilar frå gjenvinningsstasjonen i Surnadal til Frelsesarmeen.
Ombruksbua ved ReMidt-stasjosonen i Surnadal.
Ombruksbua ved ReMidt-stasjosonen i Surnadal.

– Det er kanskje ei ekstra god kjensle, at ein veit at mykje av det ein leverer her kan bli gjenskapt til nye produkt. Det er i tida, og eg trur vi må tenkje slik, for folk har eit enormt forbruk. Når ein veit alle handleposane med klede folk handlar, skjønnar ein at noko må kome hit etter kvart og, seier Henrik Evjen.

Store, positive endringar ved gjenvinningsstasjonane

Fiske og Evjen fortel at ting har endra seg mykje på gjenvinningsstasjonane berre dei ti siste åra.

– Vi har eit system på alt no. Når vi har fylt opp x antal tonn med elektronisk avfall, kjem det ein bil hit og hentar det. Bilen har då med tom-emballasje, slik at vi kan fortsette å ta imot utan problem, seier Fiske.

Tidlegare var slike ting ein evig kamp, fortel han:

– Ja, då måtte vi prøve å lage til eigne ordningar, med pallar og liknande. Heile systemet rundt fungerer veldig godt no, så det er kjempestor forskjell frå ti år sidan til no. No er det sjølvsagt at når vi melder inn eit produkt, kjem det ein bil omtrent med ein gong. Så det er aldri noko kapasitetsproblem av noko slag lenger.

Henrik Evjen deler Fiske sitt syn:

– Ja, eg starta i 2009, og det har skjedd utruleg mykje berre etter det. Spesielt slike ting, som å få bli kvitt kvitevarer, småelektronikk og farleg avfall, fungerer utmerka no. Det har vorte mykje betre.

– I tillegg er kundane veldig flinke til å handtere farleg avfall riktig, det er eit viktig poeng, seier Fiske.

Gjev brukarane honnør

Det vert teke uformelle plukkanalysar frå restavfallet som kjem inn, og det er ikkje funne nokon former for farleg avfall ved dei lokale stasjonane.

– Det viser at folk har forstått alvoret, med å sortere ut dette og levere det til gjenvinningsstasjonen. Det er vi veldig godt fornøgde med, for farleg avfall i restavfall er forbunde med ein viss brannfare ved mottaksanlegga, seier Fiske.

Ved anlegget i Surnadal er det, i tillegg til gjenvinningsstasjon open for privatkundar, ein sorteringshall der ReMidt tek imot avfall frå næringslivet. Fiske gjev honnør til brukarane av anlegget.

– Dei har vore med på å gjere oss til det ein vel må kunne seie er ein veldig godt driven gjenvinningsstasjon.

Fiske får støtte frå Evjen:

– Ja, dei fleste kundane gjer ein god jobb, og er opptekne av å gjere ein god jobb. Det er det same både i Surnadal og Rindal, så det er stas. Men det er jo eit fenomenalt tilbod og, då, at ein får komme hit og kaste ting. Eg trur ingen saknar båla, smiler Evjen.

Han fortel at det merkast godt at Rindal er ein kommune med mykje hyttefolk.

– Det utgjer utruleg mykje. Når det er sesong der, blir det og sesong på gjenvinningsstasjonen. I feriar og høgtider, blant anna.

Storfornøgd med hjelp og rettleiing

Det gode forholdet mellom dei tilsette ved dei lokale ReMidt-stasjonane og brukarane, går begge vegar.

Martinus Grimsmo har teke turen til ReMidt-stasjonen for å kaste restane av eit gammalt tak. Han er storfornøgd med tilbodet og hjelpa frå dei tilsette ved ReMidt.

– Ja, eg er så fornøgd med det dei gjer her, at. Dei hjelper til med sortering og rettleiing om kvar vi skal kaste ting, og alt anna. I tillegg er tilbodet gratis og godt tilgjengeleg. Då blir det ikkje kasta i hytt og pine, gjenvinningsstasjonen blir bruka jamt.

Han trur det er ein samanheng mellom det at kundane sorterer mykje riktig, og den gode rettleiinga dei får ved stasjonen.

– Det trur eg, heilt klart. Dei er veldig flinke til å rettleie oss. Eg brukar stasjonen mykje, både privat og i samband med Surnadal billag, seier han.

Martinus Grimsmo er kjempefornøgd med både tilbodet og hjelpa han får frå ReMidt-stasjonen i Surnadal.

– Ungdommane er i elitedivisjonen

Sjølv om anlegga i dalføret driv godt og får mykje ros, har Fiske, Evjen, Ingebrikt Bævre, Christian Nes og dei andre tilsette ingen planer om å kvile på laurbæra av den grunn.

– Vi kan bli betre. Det er ikkje slik at vi no har slått oss til ro og er fornøgde, vi er stadig på søken etter å bli endå betre. Forventningane til sortering er lagt høgt, og vi blir aldri ferdige med dette, seier Fiske.

Han meiner samtidig at ein ser resultata av at folk generelt blir flinkare til å sortere avfallet sitt.

– Og ungdommane er i elitedivisjonen på dette. Dei er så vante med å sortere, at det går av seg sjølv.

Fiske fortel at dei ofte har besøk av skuleklassar og barnehagar ved anlegga, og at ungdommane jamt over er tydeleg opptekne av at ting skal sorterast 100 prosent rett.

– Ja, utan at eg skal generalisere dei ulike generasjonane, er ungdommane veldig flinke til å gjere alt riktig, seier han.

Henrik Evjen deler Fiske sitt syn.

– Dei som veks opp no blir fora med dette, og eg tykkjer vi merker det godt bland ungdommane. Då eg vaks opp var det ei einaste søppelbøtte, og alt skulle dit. Slik er det ikkje no. No er det system, både i klasserom, ute og elles. Då blir ein lært opp til å sortere rett frå ein er ung, og det blir nesten så ein trur alt anna er ulovleg, seier han.

Ingebrikt Bævre plasserer dei siste kvitevarene i konteinaren. Dei tilsette stablarar dei første par høgdene med handmakt, før dei ordnar resten med gravemaskin.
Powered by Labrador CMS