Seks gutter smiler og har hendene i veret.
Niklas, Jarand, Håkon, Brage, Marius og Aleks stortrives på A-lagets fotballskule.

– Målet er å gi ungane ei god oppleving

Denne veka har det vore fotballskule i Surnadal. Over 70 gutar og jenter frå 1.-8.klasse har spela kamp, fått undervisning og leika seg saman med instruktørar frå Surnadal sitt A-lag.

Publisert Sist oppdatert

Sindre Fiske er leiar for fotballskulen og er storfornøgd med arrangementet.

– Det går over all forventning. Det er gøy å vera saman med dei yngre spelarane i klubben vår, og kunne vera trenarar for dei desse tre dagane, seier Sindre, som til vanleg studerer i Trondheim.

– Målet vårt er å gi ungane ei god oppleving.

Torstein Snekvik, Odin Kvendset og Sindre Fiske holder rundt hverandre og smiler
Torstein Snekvik, Odin Kvendset og Sindre Fiske.

Treningssamling i Spania

Fotballskulen skal vera med å finansiere ei treningssamling A-lagsgutane skal ha i Spania.

– I Spania blir det mest trening, men også team-building, fortel Fiske.

– Ein må skape eit godt sosialt miljø for å kunne prestere bra som eit lag på banen. Vi gler oss mykje til turen.

Anders Trønsdal Røen snakkar med gruppa sii idrettshallen. Mange gutar sit og høyrer på.
Anders Trønsdal Røen snakkar med gruppa si.

Saknar ikkje mobilen

Håkon Mogstad er saman med kameratane sine på fotballskulen.

Han skryter av A-lagstrenarane og undervisninga dei har fått av gjestetrenarane frå KBK og Nordmøre og Romsdal Fotballkrets.

– Eg kjenner nokre av trenarane frå NEAS-akademiet, fortel Håkon.

Håkon Mogstad smiler
Håkon Mogstad saknar ikkje mobilen. – Det er mykje artigare å spele fotball.

– Første dagen av vinterferien var det ikkje fotballskule, da var det keisamt, smiler Håkon.

Vi lurar på om det ikkje hadde vore betre å vera heime og sett på mobilen.

– Eg saknar ikkje mobilen, det er mykje artigare å spela fotball, svarar han.

Skape identitet til eigen klubb

Heidi Snekvik er prosjektleiar for treningsleiren i Spania. Ho fortel at det er 19 instruktørar og sju medhjelparar frå A-laget på fotballskulen. Alle gruppene har instruktørar som har pedagogisk eller idrettsfagleg utdanning.

– Det er ein fotballskule med eit godt program, med instruktørar med høg kompetanse. Vi håper og trur arrangementet bli godt motteke, seier Heid.

Ingebrigt Løfaldli og Steinar Sæter saman med ein gjeng fotballglade gutar.
Ingebrigt Løfald og Steinar Sæter saman med ein gjeng fotballglade gutar.
Trenerar og mange jenter
Andreas Fjærvik og Torstein Snekvik er trenerar for desse jentene i gymsalen på SUBUS

Ho tenkjer at fotballskulen kan skape identitet til eigen klubb.

– Vi har også eit ønske om å bygge identitet rundt egne spelarar, og la ungane få eit forhold til lokale heltar, og har difor hoppa bukk over gruppenamn som Manchester United og Liverpool.

– Kva er vel betre enn å vera ein del av Løfaldli Lions, Holten Hawks, Snekvik Sharks, Bæverfjord Bears eller Bredesen Bulls? Medan du oppbevarer tinga dine i Smevoll-garderoben, eller kanskje i Gjul-garderoben?, smiler Heid.

Ho håpar ho får sjå igjen gutane og jentene når fotballsesongen startar til vårs.

– No har dei vorte kjente med karane, da blir det kanskje stas å komme å sjå dei spele kamp, seier Heid håpefullt.

Powered by Labrador CMS