LESERINNLEGG:

Skuleverket har bortlæringsvanskar
Det stadige fokuset på såkalla lærevanskar hos elevar må vridast over mot dei bortlæringsvanskane som skulesystemet slit med.
Omfanget av diagnosar og lærevanskar hos elevane er lett å vise til som problem. Det kan gjelde alt fra dysleksi og ADHD til Aspergers syndrom. Vi vil peike på feila i systemet framfor elevane og lærarane.
Realiteten er at skulesystemet har vanskar med motivere og å lære bort også til ungar som ikkje har lærevanskar
Mange lærarar gjer ein fantastisk innsats for elevane innanfor dei rammene som finst. Likevel er det på tide å slå eit slag for å sprengje de tronge rammene som prega undervisninga og skulekvardagen til elevane, og særleg dei minste elevane.
Ungar er ikkje maskiner i ei produksjonsline. Dei er individ som tileignar seg lærdom og blir modna og utvikla i ulikt tempo og i rykk og napp.
I ein Dysleksi-Norge-rapport kjem det fram at mange får diagnosen dysleksi for seint, at lærarar veit for lite om korleis dei skal leggje til rette for best mogleg læring og at støtta rundt er for lita til å få følgt godt nok opp.
Betre undervisning etter prinsippet om universell utforming er viktig. Elevar lærer på ulike måtar og i ulikt tempo, og det må skulen ha rom for. Og alle elevar, inkludert dei såkalla skuleflinke som sit stille storparten av tida, vil tene på meir varierte undervisningsformer.
Skulen må sørgje for at ungar med ulike utgangspunkt og ulike styrkar, uansett diagnosar eller ikkje, får utvikle potensialet sitt. Då må skulen i større grad vera tilpasse korleis ungar generelt lærer best, som gjennom leik og meir praktisk tilnærming, i tillegg til tilpassa undervisning når det trengst.
I boka Lek og læring i et nevroperspektiv av Charlotte Lunde og Per Brodal kjem det fram at måten skulen er innretta på truleg fører til meir uhelse. Det blir påført jamleg stress og kontroll gjennom standardiserte testar som ikkje er til elevens beste. Som det står i boka, side 31:
«Livet er ikke en lek, men barndommen bør inneholde mer lek hvis ikke ungdomstiden skal bli en dans på nevroser.»
Forfatterne slår fast på side 97 at: «Hvis eleven føler seg utrygg og stresset i læringssituasjonen, vil all oppmerksomhet rettes mot å «overleve» - å unngå ydmykelse, nederlag og tap av kontroll – fremfor å være åpen og utforskende overfor det nye og ukjente.»
Vi i Senterpartiet har engasjert oss i debattar om alt frå kjønn og gutar i skulen, til overdriven testing og byråkrati, og er glade for at Stortinget før jul i fjor gjekk inn for å redusere nettopp testinga i skolen. Nasjonale prøver blir endra til læringsstøttande prøver og fjerna i 9. klasse. Det er også kome pengar til fleire fysiske bøker, meir praktisk læring og uteundervisning. Dette er viktige steg i rett retning.
Vi ønskjer at første klasse skal vera et skuleførebuande år, med fokus på fysisk aktivitet, frileik, læring gjennom leik og praktisk estetiske fag. Kvaliteten i undervisninga må hevast innanfor dagens timetal i skulen, og timeplanfesta frileik må innførast på småtrinnet. Det bør også være ein låg terskel for utsett skulestart i grunnskulen.
Altfor mange unge fell utanfor arbeid – eller kjem aldri i arbeid. Det er fleire årsaker til dette, men vi må gjera noko med korleis skulekvardagen er forma frå første klasse av for å få fleire til å meistre arbeids- og vaksenlivet.
Skuleverket med sine bortlæringsvanskar og tronge rammer for naturlig utfalding og utvikling må rett og slett få hjelp til å fungere betre.
Marit
Knutsdatter Strand og Jenny Klinge
Stortingsrepresentantar
for Senterpartiet