LESERINNLEGG:

Einy Rendal Elgsæther

Prestekall og prestemangel

Kvifor er det så få som har kall til å tena Gud som hyrde for kyrkjelydane? Ei teneste som er så mangfaldig og meiningsfull, og med så stor kontaktflate til menneske i alle livsfaser. Kvifor er det så få unge som går inn i prestestudiet?

I vår kommune, Surnadal, har det vore to prestegjeld, Surnadal og Stangvik, med ein prest i kvar. Tilsaman er det seks sokn. To av sokna har felles sokneråd, elles er det eit sokneråd i kvar, det er seks kyrkjer og aktivt arbeid i kvar kyrkje. Vår eine gjenverande prest, har også vorte prost for heile Indre Nordmøre prosti, 15 kyrkjer. Felles prestestilling for Surnadal med oppgåver i heile prostiet er no utlyst. Ingen søkarar.

Og dette er vi ikkje åleine om, vi høyrer og ser stadig om utlyste stillingar i Møre, Nidaros, Sør-Hålogaland og Nord-Hålogaland. Ja, også andre stader i landet. Det var til og med ingen søkar til prestestillinga på Stiklestad, som snart skal feira kristningsjubileum!

Vi kan vel seia at det er prestekrise i kyrkja.

I våre sokn er det aukande kyrkjesøknad, det er hundre prosent dåpstall, dei fleste blir kyrkjeleg konfirmerte, det har vore eit aktivt song- og musikkarbeid.

Stort dugnadsarbeid blir lagt ned på kyrkjehus og kyrkjegardar, som viser at folket er glad i kyrkja si.

Kvifor har ingen kall til å vera hyrde for desse?

Så ser vi at til domproststillinga i Oslo er det 13 - tretten – søkarar! 11 menn og 2 kvinner. Det er også god søknad til andre stillingar der. Det er underleg at Gud kallar tretten prestar til ei stilling i Oslo, medan mange prestestillingar ut over landet står utan ein einaste søkar.

Einy Rendal Elgsæther, prestevikar

Todalen

Powered by Labrador CMS