LESERINNLEGG Fra John. J. Vaag:

Omsorg for dei eldste eldre må ikkje bli ei taparsak

Publisert Sist oppdatert

I min oppvekst i Aure før, under og etter siste verdskrigen levde vi eit høgst nøkternt liv. Vi hadde ikkje elektrisk straum. Den kom i 1954. Følgjeleg var det ikkje elektrisk komfyr, kjøleskåp og fryseboks i heimane. Utedo var det vanlege. Det var berre ein traktor med jarnhjul og 2 bilar på fastlandet. Ein drosje og ein lastebil. Ikkje alle hadde innlagt vatn. Det var lite av mangt og mykje. Slik var nok stoda i mange bygdelag rundt om på Nordmøre.

Det er dei som har opplevd førkrigstid, krigstid og etterkrigstid som no er dei eldste eldre mellom oss. Mange har arbeidd og slite tungt for at vi i dag har den velferdsstaten vi har. Desse personane fortener ein verdig alderdom i sine siste leveår. Spørsmålet er: Vil dei få det?

Teikn i tida er ikkje berre gode. For femte gong på seks år ligg det an til at landet sine pensjonistar vil få nedsett kjøpekraft. At eldre ikkje får ta del i velstandsutviklinga på same måte som samfunnet elles er noko Pensjonistforbundet ikkje finn å kunne akseptere. Alderspensjonen frå folketrygda blir auka med veksten i grunnbeløpet trekt frå ein fast faktor på 0,75 prosent. Det er dette som blir kalla underregulering av pensjon. Minstepensjonistane slit med å greie seg økonomisk. Gjennom media blei vi for få dagar sidan gjort kjend med at regjeringa har planar om å skrote «enkepensjonen». Forslaget går ut på å fjerne dagens ordning med tilleggspensjon til etterlatte og erstatte ordninga med ein overgangsstønad. Denne regelendringa vil ramme mange kvinner hardt, meiner Pensjonistforbundet. Alt dette er ikkje noko god utvikling, slik eg ser det.

Vi går mot ein haust med budsjettbehandling rundt om i kommunane. Kampen om ressursane vil sikkert bli hard. Slik er situasjonen i min heimekommune Surnadal også. Statistisk Sentralbyrå sine framskrivingstal viser ein stor auke av personar over 80 i Surnadal kommune i åra fram mot 2030. Det er få kommunar i fylket vårt som kan vise til større forventa vekst mellom dei eldste eldre. Med aukande alder blir det eit større innslag av demente mellom oss. I ein slik situasjon må ikkje talet på sjukeheimsplassar reduserast! Det bør heller vurderast å ta nedlagde plassar i bruk. Terskelen for å få ein sjukeheimsplass må ikkje bli for høg.

For å få til ei god eldreomsorg er heimetenestene og dei pårørande sin innsats svært viktig. Tilsette innan pleie- og omsorgstenestene i Surnadal utfører gjennomgåande ein framifrå jobb. Mottatte prisar og heider seier sitt i så måte. Dei pårørande fortener og stor ros for sin innsats. Tilsette og pårørande må ikkje få for stort arbeidspress. Det kan straffe seg

Eg vil understreke kor viktig det er at dei eldre og deira råd og organisasjonar tidleg i budsjettprosessen får kome til med sine synspunkt og meiningar når viktige saker som gjeld dei eldre skal drøftast og takast avgjerd i.

Powered by Labrador CMS