LESERINNLEGG:
Når ein veks seg ut av havet
… så kan ein kanskje ikkje rekne med å vekse inn i himmelen? Leverandørane til havbruksnæringa på Nordmøre auka omsetninga si med 9% i 2022. No er dei redd for at det stoppar opp.
Fiskeoppdrett er basert på naturen som grunnlag. Fisken treng mat og han må ha reint vatn kring seg. Oppdrettsindustrien soper marknaden for laksefôr frå sjøen. Småfisk som folk i andre land eter. Når det ikkje er nok, så tar dei for seg av soya. Bønner som har eit lag med å bli produsert der det før var regnskog. Det reine vatnet har etter kvart fått store mengder lakselus i seg. Fiskeskiten utgjer i ein del område ei ureining dobbelt så stor som kloakken frå menneske.
Leverandørane er ikkje lausrivne frå naturen. Når ein då veks 9% på eit år og er redd for at veksten stoppar opp, då er det faktisk noko som er grunnleggande gale. Særleg i ei næring som har hatt ein vekst som er for stor samanlikna med naturgrunnlaget i ein god del år allereie. Naturen veks seg ikkje større av fiskeoppdrettsverksemda.
Vi er inne i ei tid med endringar i næringa. Det er ikkje plass igjen til meir laks i fjordane. Nokon prøver å omgå dette med å bygge landanlegg. Då kan ein også bygge mykje større. Bygd med reinsing blir dei også. Når volumet blir dobla og vel så det og reinsinga er kring 65%, så blir det totalt meir fiskeskit, sidan anlegg i fjorden ikkje blir trekt på land. Så blir landanlegga bygd omtrent i skipsleia for å ha nok sjøvatn å blande med. Stor plass tar dei også. I alle fall ein del av anlegga har eit energiforbruk som er lite foreinleg med ein natur som ikkje blir nedbygd av kraftverk. Andre satsar på torsk i staden. Så prøver ein å smette inn nye fiskeanlegg med skohorn mellom dei gamle, sidan torsken ikkje er så plaga av lakselus. At det finst vill torsk frå før av som ikkje har det så enkelt er visst mindre viktig.
Det finst utfordringar som leverandørnæringa med fordel kan ta tak i. Men de får velje dykkar prosjekt ut frå at naturen alt har betalt nok.
Øystein Folden
Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal