LESERINNLEGG:

Plattform Todalsfjorden

Ei realitets­orientering om Todalsfjord­­prosjektet

Publisert

Interessa og engasjementet for visjonen om ein ferjefri Todalsfjord er heldigvis stor. For at diskusjonen som går skal vere så faktabasert som mogleg kan det vere nyttig å minne om dei realitetane alle vi som arbeider og brenn for at vi skal få ein døgnopen region her på indre Nordmøre må forhalda oss til. Her er nokre av dei viktigaste, sett frå min ståstad.

Alternative traséar

Til grunn for dei vedtekne kommunedelplanane frå 2020 ligg det såkalla «Svinvik-alternativet» med ca. 7,3 km veg frå Åsbøen til Svinvik, 777 m lang hengebru frå Svinvik til Rakaneset, og ein ca. 4,2 km lang tunnel frå Rakaneset til Ålvundfossen. Sjølv med inngrepa spesielt i Svinvika trur eg fleirtalet er einige om at dette er ei bra løysing, og dette er framleis plan A for prosjektet. Dette har òg ligge fast til grunn for arbeidet i Todalsfjordprosjektet AS.

For å kvalitetssikre at «Svinvik-alternativet» er det beste, vart det i fjor sommar, som førebuing til den komande reguleringsplanprosessen, gjennomført ein verdianalyse. På bakgrunn av denne vedtok fylket og vertskommunane Surnadal og Sunndal å bestille ei ny utgreiing av undersjøisk tunnel frå Åsbøen/Nordvik til Ålvundfossen, medan vi i Todalsfjordprosjektet AS nyleg presenterte rapporten frå ei ekspertutgreiing om ei mogleg flytebru mellom Kvanne og Rykkjem.

Todalsfjordprosjektet AS er eit pådrivarselskap, og alt vi gjer har som mål å legge til rette for at prosjektet skal kunne realiserast – og fullfinansierast. I den samanheng ser vi det å finne rimelegare måtar å nå samfunnsmåla i prosjektet på, som ei viktig oppgåve. Dersom dette ikkje hadde vorte gjort no, kunne vi ha risikert å møte krav om dette i den endelege behandlinga av bygging, med dertil store forseinkingar!

Det blir planlagt fleire fjordkryssingar ved hjelp av ny flytebruteknologi rundt om i landet. Da er det heilt naturleg å vurdere denne løysinga, spesielt når ekspertar beskriv Todalsfjordprosjektet som svært eigna for flytebru: beskytta fjord, ikkje for langt brustrekk, gjenbruk av eksisterande veg. Flytebru har alltid vore populært i Todalsfjordprosjektet, men det er først no det truleg er økonomisk berekraftig.

Vi er klare på at uansett løysing som politikarane innstiller på òg vedtek, vil det vere nokon som vil bli negativt påverka av endringane. Dette vil gjelde for alle tre alternativa.

Vi har likevel tru på at alle alternativa, med sine fordelar og utfordringar, er moglege å gjennomføre, og vi legg til grunn at det vil bli gjort tiltak for å få den endelege løysinga så god som mogleg, for alle partar og miljøet.

Framdrift

Først, for ordens skuld: Det har aldri vore på plana at Fylkestinget skal vedta bygging av Todalsfjordprosjektet i juni, eller seinare i 2023, slik det vart hevda i lokalavisa nyleg. Eit forhåpentleg positivt byggevedtak kan først gjerast etter at reguleringsplanen er ferdig og kvalitetssikra, detaljprosjektering er gjennomført, og når anboda er opna – sanningas augneblink! Uansett kva for trasé som politikarane vil velje, så vil prosessen fram mot vedtak ta fleire år. Ein kan tykkje dette går for seint og tyder på manglande gjennomføringsevne, men slik har faktisk demokratiet vårt bestemt at desse prosessane skal vere.

Dersom fylkeskommunen vel å gå vidare med undersjøisk tunnel eller flytebru vil det kunne krevje ein meir omfattande og tidkrevjande planprosess. Men, som planprosjektleiar Løset hos fylkesvegavdelinga har understreka, så treng ikkje dette å bety at opningsdatoen for ei av desse løysingane blir seinare i tid. For eksempel vil flytebrualternativet sannsynlegvis ha kortare byggetid enn meir enn 12 kilometer med ny veg/bru/tunnel.

Finansiering

Det vedtekne «Svinvik-alternativet» har ei betydeleg hovudutfordring: investeringskostnaden. Det siste overslaget frå fylkesvegavdelinga er på over 4,3 milliardar 2022-kroner. Sjølv om det er lett å bli fartsblind i omgang med offentlege beløp i denne storleiken, så er det uomtvisteleg at dette er veldig mykje pengar, som truleg vil vere enda fleire når fylkeskommunen kjem med oppdaterte prognosar i april. Prisar og renter som fortset å stige forsterkar utfordringa.

Det er viktig å så snart som mogleg bestemme seg for dei tekniske løysingane, men slik eg ser det er ikkje dette den største hinderet for ein ferjefri Todalsfjord. Vi kan ikkje oversjå utfordringa at Todalsfjordprosjektet er ei stor investering, spesielt for eit fylke som er blant dei mest gjeldstynga i landet og har store oppgåver på mange felt, ikkje minst innan samferdsel og utdanning.

I ein månad der det har vore diskusjon om finansiering av skuletilboda på lokale vidaregåande skular på indre Nordmøre, er det relevant å reflektere over at ein kan drive mykje vidaregåande skule for det eit redusert finansieringsbehov i Todalsfjordprosjektet på fleire hundre millionar kroner representerer. Mykje tyder på at ei flytebruløysing eller undersjøisk tunnel kan bety ei slik innsparing.

Derfor leiter altså både fylket og vi i Todalsfjordprosjektet AS med lys og lykter – og snur tidlegare snudde steinar – for å finne det rimelegaste og totalt sett mest berekraftige alternativet. Vi, som arbeider med finansieringa, ser faktisk dette som plikta vår – ikkje minst ovanfor dei (les: oss alle) som skal betale for dette, anten det er i form av bompengar som bør vere så låge som mogleg, eller over skattesetelen.

Det er òg viktig at vi no ikkje «lesser på» Todalsfjordprosjektet alle dei trafikkutfordringane vi har frå før på FV670; da kan vi kvele prosjektet. På dette feltet kan vi lære av Sunnmøringane; på Nordøyvegen var fokuset å få på plass fjordkryssingane og godta å vente med ein del av dei ikkje-kritiske utbetringane av det øvrige vegnettet.

Hald ut!

Oppe i all diskusjonen om løysingar og pengar, er det viktig å ikkje sleppe målet vårt av syne: ein døgnopen region – utan den permanente kolonnekøyringa og nattestenginga vi i dag har mellom Kvanne og Rykkjem. Av og til kjem forslaget om at ferje til evig tid ville vore like bra, men det veit vi er feil. Seinast på Fjordkryssingskonferansen i Kristiansund i februar fekk vi dokumentert dei enorme effektane som eit «heilt» ferjefritt Nordmøre vil kunne ha for næringslivet – i tillegg til verdien det vil ha for oss som privatpersonar, kulturen, idretten, osv.

Og dersom du treng meir empiri: reis til Tustna, Averøya, sør i fylket eller andre stader der dei har fått bru eller tunnel og dermed kunne fridd seg frå ferjetabellane. Nokre utfordringar med prosjekta har det sikkert vore der òg, men å gå tilbake til ferjedrift er det nok svært få som kan sjå for seg.

Todalsfjordprosjektet har stått på fylkets prioriteringsliste sidan 1997. Etter over 25 år har vi omsider flytta fram til førsteplassen i køa, og da er det viktig at vi held ut den siste ventetida òg. Vi må vere klare når døra blir opna og ikkje sjølvskade prosjektet med interne diskusjonar og feilinformasjon i mellomtida.

Vi i Todalsfjordprosjektet AS skal òg vere ein informasjons- og framsnakkingskanal for prosjektet, og det er berre å ta kontakt med underteikna på 911 78910, eller post@todalsfjordprosjektet.no, dersom det er noko du lurar på – eller viss du har konstruktive innspel som kan bidra på ein positiv måte.

Surnadal, 28.3.2023
Trond Skogseth
Dagleg leiar, Todalsfjordprosjektet AS

Powered by Labrador CMS