Jenny Klinge (t.v.) og Vibeke Langli.

– Vi veit det må skje endringar

Det vart diskusjon rundt Statens Naturoppsyn (SNO) og uttak av jervtisper då ei rekkje aktørar frå landbruket og forvaltninga var samla i Surnadal måndag. Jenny Klinge meiner at alt kokar ned til politiske føringar, og håpar på innspel om kvar vegen vidare skal gå.

Publisert

Lars Olav Lund var på plass for å halde innlegg om SNO sine rovviltoppgåver, då Surnadal kommune inviterte til møte om rovdyrsituasjonen. Han informerte om alt frå oppsyn og kontroll til førebygging av miljøkriminalitet, i samarbeid med kommuner, fylkesmenn og politi.

Også bestandsregistrering, skadedokumentasjon og felling er viktige delar av SNO sitt arbeid.

Lund peika på at Noreg ligg langt framme når det gjeld forsking på rovdyr.

– Vi er verdsmeistrar i rovviltovervåking, så ubeskjedne må vi kunne vere, seier han, og fortalte om korleis SNO jobbar i samband med uttak av rovdyr i regionen.

Lars Olav Lund, SNO.

146 skader på beitedyr

I 2020 registrerte SNO 146 skader på beitedyr. 50 av desse var forårsaka av jerv – fem i Surnadal og tre i Rindal. Seks skader var forårsaka av gaupe, 10 av kongeørn og i 47 tilfelle var det ikkje mogleg å slå fast kva rovdyr som stod bak. I 22 tilfelle var det ikkje rovvilt som forårsaka skadane.

Bonde Jostein Hausberg frå Surnadal tok ordet og slo fast at bøndene ikkje er av same oppfatning som SNO når det gjeld uttak av rovdyr.

– Det eg ikkje er imponert av, er at når ein tek ut dyr, så klarar ein ikkje ta ut tispene. Kvifor går de ikkje meir aktivt inn for å ta ut tispa i etterkant av eit hiuttak, spurte Hausberg.

Lars Olav Lund poengterte at det ikkje er SNO som sitt bestemmer dette, og svarte at det har med vedtaket som er gjort.

– Når tispa ikkje er tilgjengeleg for felling er det viltseksjonen i Miljødirektoratet som har fatta vedtaket, som bestemmer kor lenge i etterkant vi skal ligge på for å ta ut enkeltdyr, seier han, og fortsett:

Lars Olav Lund, SNO.

– Målet er å ta ut både tispa og kvalpane, men det kan til dømes vere at tispa flyttar til eit så rasfarleg område at det ikkje er praktisk mogleg å ta henne. Så grunnen til at tispene ikkje alltid blir teke ut, er enkelt og greitt at dei ikkje har vore tilgjengelege for felling.

Forsvarar SNO

Jenny Klinge takka Lund for foredraget, og følgde opp:

– Eg har opplevd at det blant bøndene er forståeleg frustrasjon for at tispene ikkje er teke ut. Mitt spørsmål er difor om det av og til kunne vore praktisk mogleg å ta dei ut, dersom det i vedtaket de får hadde vore gjeve lang nok tid? Dette er viktig å vite, sidan det handlar om å finne ut om det er føringar som må endrast.

Lund tykte dette var vanskeleg å svare på.

– Reint praktisk, når ein går inn i eit område og tispa ikkje er tilgjengeleg for felling – kor mange dagar går det før ho kjem ut igjen? I dei fleste tilfella der vi tek tisper, tek vi dei samtidig som kvalpane. Det er og ein regel, som seier at vi må inn og finne kvalpane først, før vi kan ta det vaksne dyret. Så det er ein del logistikk, seier han, og legg til:

– Eg skjønner at det blir litt sånn «Kvifor klarte de det ikkje?», men det er rett og slett ikkje så enkelt.

Oddvar Mikkelsen lurte på kvifor vedtaket frå viltseksjonen ikkje kjem tidlegare, slik at ein kan ta ut dyra før dei ynglar.

– Kvifor får ikkje SNO i oppdrag å gjere dette tidlegare, når ein veit at ein då hadde hatt to-tre månader betre tid? Eg tykkjer det ville vore ei mykje betre løysing å ta dei ut før dei ynglar, seier han, og fekk med seg Lund på at det å gjere uttak før yngleperioden er å føretrekkje.

Dette seier og bondelagsleiar Jan Henrik Moen seg heilt samd i:

Jan Henrik Moen.

– Det ville vore mykje betre om ein tok dei tidlegare, som Oddvar seier. Då ville ein sloppe å ta dei når dei skal føde, seier han.

Moen meiner at ein ikkje kan gå for hardt ut mot SNO, som gjer det dei får beskjed om, og Lars Olav Lund & co fekk og støtte frå Anders Magne Ormset. Han er leiar i skadefellingsgruppa i Surnadal og Rindal.

– Lars Olav og SNO er i mange tilfelle dyra sine beste venner her, seier han.

Også lokalpolitikar Ragnar Halle (Sp) slår fast at problemet ligg fleire nivå over SNO.

– Det er politikken som må endrast, så her har Jenny (Klinge, red. anm.) ein jobb å gjere, seier han.

– Regjeringa følgjer ikkje godt nok opp

Og Klinge sjølv seier til Trollheimsporten at ho er fullt klar over at føringane må endrast frå politisk hald.

– Eigentleg kokar dette ned til regjeringa. Det kokar ned til politiske føringar, og då er det slik at det er regjeringa som sitt med utførande myndigheit. Eg meiner at regjeringa ikkje godt nok følgjer opp rovdyrforliket, seier ho, og held fram:

– Bestandstala er langt over bestandsmåla, og måla må jo haldast. Dette handlar om å finne ein god balanse mellom omsynet til beitenæringa og rovdyra, seier ho.

Klinge er glad for at så mange aktuelle aktørar kunne samlast i Surnadal måndag.

– Vi er veldig fornøgde med opplegget, og håpar resultatet av denne dagen er at vi får svar på kva retning vi skal gå vidare. Vi veit det må skje endringar, så håpar vi at vi i dag får innspel til kva endringar det skal vere, seier ho, før ho legg til:

– Eller, håpet er jo sjølvsagt at vi kjem i regjering neste år.

Klinge smiler, og svarar deretter bekreftande på om det då blir endringar innan dette feltet.

– Ja, det håpar eg, for Guds skuld, viss ikkje er det for dårleg. Då går eg og legg meg og vil ikkje vere med på dette lenger, ler ho.

Jenny Klinge på talarstolen under møte om rovdyrsituasjonen i Surnadal og omegn måndag.
Powered by Labrador CMS