LESERINNLEGG:

Oddvar Mikkelsen.

Miljødirektoratets årlege skryteliste

Som vanleg går Miljødirektoratet ut med skryt av rovviltforvaltninga no når erstatningane for rovdyrtap er utbetalt. Der går det fram at det er erstatta færre dyr i samband med rovdyrtap i år. Igjen! Dei beskriv soneforvaltninga som ein suksess. Altså det å skille beitedyr og rovdyr frå kvarandre gjennom forvaltningsområde for dei ulike rovdyra, der dei skal ha prioritet, og områda utanfor desse, der beitedyra har prioritet. Og ja, dette er i prinsippet ei god oppskrift, men mange beitebrukarar deler ikkje direktoratets oppleving av eit suksessfylt forvaltningsregime.

Ta det mest openberre først: Dei mange som dreiv, og dei få som fortsatt driv med beitedyr innanfor forvaltningsområde for eit eller fleire rovdyr. Når dei totale tapa på landsbasis går ned er det i stor grad fordi mange har vorte tvinga til å slutte med beitedyr i dei verst belasta områda. Århundrelang tradisjon med å sleppe kyr og sauer til skogs- og fjellbeite er avvikla på eit par tiår. Eit økonomisk gode som beiteretten er, har i praksis vorte teke frå dei utan kompensasjon. Det er ikkje vedteke at dei har mista beiteretten, men dei verken orkar å gå i fjellet og finne drepne dyr, eller har råd til å drive med så store tap. Så dei sluttar. I hopetal.

Sauetal og tapstal på landsbasis blir brukt som bevis på at tap til rovdyr er eit minkande problem, men det har vorte meir sau nokre stader med lite rovdyr og andre stader er beitenæringa meir eller mindre utradert. Direktorat og departement kamuflerer dei store regionale forskjellane gjennom å bruke nasjonale tal. Dette er grovt misvisande og juristen Hambro burde vite bedre enn å villeie på denne måten

I våre område, Trollheimen og områda omkring, slit vi også. Trollheimen er ikkje ein del av forvaltningsområdet for jerv. Likevel har det dei siste åra fått utvikle seg ein bestand av jerv som sist sesong resulterte i eit betydeleg tap av lam, sau og reinkalvar. Det har auka i fleire år no. Næringa har kravd at bestanden må reduserast. Rovviltnemnda gir kvart år ein kvote for lisensjakt med mål om å halde bestanden nede. Oftast klagar Naturvernforbundet på at kvoten er for høg og at dei trur bestanden vil gå ned. Av og til får dei medhald. Nesten kvart år opplever vi at kvoten ikkje blir teken ut fordi det er ei krevande jakt. Nesten kvart år blir SNO sendt ut på hiuttak, med vekslande hell. Så veks jervbestanden. I Midt-Norge er no bestanden langt over målet. Og Trollheimen er altså utanfor forvaltningsområdet for jerv. Heldigvis verkar det som om direktoratet omsider er i ferd med å ta grep. Lisensjakt åleine er ikkje eit godt nok forvaltningsregime her.

Området vest for Trollheimen er forvaltningsområde for gaupe. Her har vi vekst i gaupetalet, og i år var det nærast ein eksplosiv vekst i tapstal i dette området. Dessverre med lite dokumentasjon på at gaupa er syndaren, og dermed avkorting i andel erstatta dyr. Andre forklaringar enn gaupe har vi ikkje. I Midt-Norge vedtek nemnda kvotar som skal få tal familiegrupper ned frå 15-16 til målet på 12. Desse kvotane blir ofte overprøva av direktoratet av frykt for at ein skal komme under 12 familiegrupper. Så ender ein opp på 15 igjen, og truleg nokre ekstra som ikkje er sikkert dokumentert.

Når Ellen Hambro i direktoratet og Sveinung Rotevatn i departementet med jamne mellomrom kjenner behovet for å skryte av vellukka rovdyrforvaltning og oversjå dei regionale forskjellane så skal dei vite at det berre er nok ein provokasjon for oss som er den skadelidande parten.

Oddvar Mikkelsen
Beitebrukar i Surnadal

Powered by Labrador CMS