
Valg for kyrkja
Kyrkjevalg på bispedømeråd og lokale sokneråd vart gjennomført på same tid og stad som dei politiske avstemmingane i går. Dette sikrar truleg betre deltaking enn i gamle dagar, da ein stemte på sokneråd i samband med gudstenester i kyrkja. Ein ser nok at trass i stor innsats blant valgarrangørane kjem kyrkja i skuggen av kommune- og fylkespolitikken. Ikkje dess mindre er soknerådet eit viktig juridisk organ som basis for demokratisk styring av kyrkja.
Varierande deltaking
Som aktør har eg nokre fotoglimt frå Åsskard - eitt av dei fem kyrkjesokna i Surnadal. Her deltok rundt (raskt rekna) 20 % av dei stemmeføre i kyrkjelyden. Oppslutninga i Todalen var langt betre - truleg best i kommunen. Nytt av året var at unge ned til 15 år kunne stemme, men svært få tenåringar deltok.

Fire bispedømelister
Parallelt med soknerådsvalget stemte ein del også på nytt bispedømeråd i Møre. Her var det lister frå Nominasjonskomiteen, Åpen Folkekirke, Frimodig Kyrkje og Bønneslista. Førsteinntrykket her var stor sprik i resultat frå bygd til bygd.
Komplisert teljesystem
Etter at lokala stengte, samlast funksjonærane til oppteljing på Kyrkjelydshuset i Surnadal. Med eit komplisert og tidkrevande digitalsystem vart ein ikkje ferdig før borti midnatta. Konstituert kyrkjeverje Lene Wilhelmsen gjorde ein storarta jobb med gjennomføringa - sjøl om det sentrale datanettet gjekk i stå på grunn av den store pågangen landet rundt. Endelege lister over innvalgde til nye sokneråd er ikkje ferdige, men vil koma etter kvart.
