Prest, barn, lego
Bjørn prest fekk storarta hjelp av lego-ekspertar på garden sin.

Artig og festleg

Publisert

Små og store bidrog på alle vis til ei levande og artig gudsteneste i Åsskard søndag - til Haust-Takke-Fest i ordets rette forstand.

Bygdekvinnelaget pynta kyrkjerommet med frukt, grønsaker og haustfarga lauv. Korgruppa løfta songen. Dåpsfamilien rundt Milla deltok med lesing og prosesjon. 4-åringane fekk kyrkjebok. Dagens mange smårollingar hjelpte presten i ei humørfylt og djuptenkt tolking av preiketeksten. Kva meir kan ein forlange?

Samhandling

Ordet liturgi tilsvarar «samhandling». Med over tjue aktørar levde denne gudstenesta i så måte opp til idealet. Og dei 70 små og store som møtte opp, viste at dei lika seg!

Lego-preike som satt

Prest Bjørn Hovde har ein særleg evne til å skape levande andakt. Utanåt, mesta som teater, framførte han preiketeksten om bonden og avlinga. Han og ivrige små medhjelparar bygde gard av legobrikkar - med traktor, buskap og rundballar. Slik vart Guds og haustens gåver synleggjort i stort (og nært) perspektiv og evangeliet formidla på griande og sjarmerande vis.

Mendelssohn og plommer

Takkefest prega også salmar og korsong. Ei gruppe frå P17 framførte til inngang Mendelssohns «Eg takkar deg» frå oratoriet «Paulus», song latin og norsk under takkeofringa og avslutta med eit hymnisk «Hosianna» i anglikansk tradisjon. Nokre av salmane vart sungne fleirstemmig. Trusopplærar Elsa Jensvold tok 4-åringane og forsamlinga med på songar frå «Mi kyrkjebok».

Uttrykk for takksemd var også vipps- og kontant-gåvene til Kirkens Nødhjelp.

Frukt og hageprodukt er ikkje berre til pynt slike dagar - her kunne alle nyte epler frå Sagbakken og plommer frå Øverhagen før ein samlast med saft og kaffe i Kyrkjestua.

Seks damer, blomar, grønnsaker, frukt med mer
Åsskard Bygdekvinnelag gjorde innsats – som vanleg. Frå venstre Eldfrid Sæthervik, Aud Jorunn Endresen, Kari Sollid Heitmann, Randi Bøe, Ragnhild Skrøvset og Inger Lise Heggem.
Fem damer med røde kapper
Korgruppa sørga for musikalsk ramme om hausttakkefesten. Frå venstre Inger Garthe, Kirsten Baadnæs Bøe, Turid Røen Kroknes, Kari Sæther og Borghild Talgø.
Powered by Labrador CMS