ANNONSE:

Inger Lise Heggem og Bernt Bøe oppfordrar til rakardugnad i år som i fjor.

Rakardugnad i Åsskard

Ved kyrkjene er det våronn i desse dagar. Åsskard sokneråd inviterer til rakardugnad måndag 8. mai.

Til 17. mai og komande konfirmasjonsdagar må det som alltid ryddast rundt kyrkjehusa Når lauv og kvist er fjerna, er dei klare til dagar med stort besøk. I år er også somme rundtvaska inni.

Den kyrkjelege våronna er avhengig av frivillig dugnadsinnsats. Det går gjerne sport i oppslutninga, sjølv om den kan variere mykje frå sokn til sokn.

Dugnaden i Åsskard startar i 5-tida opg blir avslutta med servering i Kyrkjestua. Men sidan det også skjer andre ting på frigjeringsdagen 8. mai, opnar soknerådet for dugnadsarbeid når det måtte passe den enkelte. Uansett er det kjekt å ta med høveleg reiskap.

Lauvet blir å lesse opp i traktortilhengar på Gammelkyrkjegarden. Små presenningar høver godt til dette. Avfallet blir så frakta vekk og tømt på høveleg plass

Powered by Labrador CMS