For små og store:

Det blir liv i kyrkja når Amigos er med!

«Amigos» sette tonen

Åsskard annonserte «Gudsteneste for små og store». Amigos og fire generasjonar frammøtte sørga for at det slo til.

Publisert Sist oppdatert

I ramma av ei vanleg gudsteneste fekk ulike aktørar utfalde seg og vise at ordet «liturgi» betyr samhandling mellom mange.

Dei bortimot hundre frammøtte representerte eit aldersspenn på over 80 år. Kyrkjetenar, prest, klokkar, organist og sokneråd var som vanleg med. Men aller mest var samlinga prega av barnegruppa «Amigos» og deira dyktige leiar Bodil Kvam Aasbø. Dei «sette tonen» for dagen!

Innleving

Amigos kom beinast frå overnattingsleir på Betania i Bøfjorden. Der hadde dei øvd på nye songar, musikk og tekster som dei utfalda med dyktighet og stor innleving. Fire av jentene danna band, fleire var solistar og tekstlesarar og Bodil styrte det heile som både lydteknikar, dirigent og kapellmeister.

Amigos stiller med eige band: Mathilde, Vår, Emilie og Ingrid

Dagens Første Lesing var ikkje mindre enn ei lita «kantate» over Skapinga i 1. Mosebok. Amigos las tekster og framførte songar om jorda, sola og dei levande dyra. Og seinare fekk vi to livlege songar til – med god musikk og bevegelse attåt.

Var du der?

Sidan 6-åringane fekk utdelt «Mi Kyrkjebok» denne dagen, las klokkar Randi frå denne boka historia om Den Miskunnsame Samaritanen – ei lærerrik påminning om å vera gode mot kvarandre. Salmen etterpå understreka innhaldet: «Da jeg trengte en neste, var du der?»

Gud kan vende vondt til godt

Prost Vidar Rygh var både liturg, predikant og videoteknikar. Før preika viste han ein biletserie om Josef og dei misunnelege brørne hans. Han understreka den store forskjellen på dei nesten like orda «å misunne» og «å misKunne» frå dagens tekster og avslutta slik: - Gud kan gjera det vonde om til noko godt!

Bibelteksten om Josef og brørne vart framført som biletserie med lesing attåt

«Kyrkjekor» og nattverd

Truvedkjenninga vart både lesen og framført musikalsk: Salmen «Fader, du har skapt meg» vart sungen som fleirstemt kanon – med heile forsamlinga som «kyrkjekor». Rundt 40 deltok i nattverden. Kanskje er denne delen av gudstenesta er i ferd med å finne sin naturlege plass i kyrkjelyden. Ein globe full av levande lys er også eit teikn på andakt og deltaking.

Duft av bakels

Kyrkjestua vart for lita under kaffesamveret, så fleire laut ta med seg brød og drikke inn att i kyrkjerommet – også eit bevis på god oppslutning. Men så hadde da Eva Jorid, Jane og Aashild diska opp med mykje godt: Ja - bakelsdufta var ein del av atmosfæren i Åsskard-kyrkje denne første søndag i faste (!) anno 2024!

Powered by Labrador CMS