Kulturvøkku 2021

På fjelltur med fjellklatraren Olav Storli Ulvund

­Romundstad­bygda opna Kulturvøkku 2021

Fredag kveld opna Kulturvøkku 2021 i Rindal tradisjonelt med Bøgdakveld i Torshall, og programmet var det Turid Røen Kroknes og Olav Storli Ulvund som stod for. Begge kan kalle seg utflytta romundstadbygg.

Publisert Sist oppdatert

Minikonserten

Hedda Hansen Berg og Turid Røen Kroknes.

Det er tradisjon at Bøgdakvelden blir opna med Rindalssongen, men i år vart det ikkje allsong. Turid Røen Kroknes opna minikonserten sin med den. Messosopranen framførte vidare eit variert utvalg av songar akkompagnert av pianisten Hedda Hansen Berg.

Vi fekk høre arien Lascia ch'io pianga frå Händels opera Rinaldo, som mange drog kjensel på da ho begynte å synge. Vidare fekk vi Broawaystemning med melodien People frå musikalen Funny Girl. Den er mest kjent som framført av Barbra Streisand, men vi gledde oss over framføringa til Turid og Hedda også.

Vi fekk høre Edvard Grieg og Aasmund Olavsson Vinjes Ved Rondane, og i vårt indre såg vi Sohlbergplassen i Atnadalen med den kjente utsikta mot Rondane. Etter at Turid gledde oss med Fola, fola Blakken, som ho rekna med at vi kjente frå Nordal Rolfsens Lesebok, fekk vi høre Hedda framføre Bådnlåt frå Edvard Griegs Lyriske stykker, og hadde "bådna " vore der, så hadde dei somna søtt!

Etter ein song frå songsyklusen Frauenliebe und -leben av Robert Schumann, var vi på lokalt plan og fekk høre Jørgen Gravvolds Eg trur eg vil døy ei vårnatt med melodien til Tor Strand, før Hedda og Turid avslutta med Geirr Tveitt og Aslaug Låstad Lygre sin kjente sommarsong Vi skal ikkje sova bort sumarnatta.

Turid har delteke på Bøgdakveld ein gong tidlegare, i lag med Kåre Bjørkøy, også da med Hedda Hansen Berg som akkompagnatør.

Fjellklatraren

Vi måtte ha eit bilde av fjellklatraren Olav Storli Ulvund i friluft!

Litt omrigging, og vi var klare for noko heilt anna: Olav Storli Ulvund skulle ta oss med på fjelltur, og da meinte han fjell. Ikkje tuver på 2-3 tusen meter over havet! Det bars på lysbildetur til Himalaya!

På uforfalska romundstadbygddialekt fortalte han om tre av turane sine i dei høgste fjella på jorda, ein tur i Canada og to i Himalaya.

Lotus Flower Tower, Canada

I Canada klatra han og ein kamerat i 2001 opp og ned ein 800 meter høg fjellvegg i Lotus Flower Tower non stop på 24 timar.

I 1994 gjekk turen til Mt Everest som han nådde toppen av etter å ha prøvd to gonger tidlegare. I 1991 måtte ha gje opp på grunn av verforholda som hadde årsak i kraftige brannar i oljebrønnar under Golfkrigen. Andre gongen han prøvde var han utsett for snøras, truleg største snøraset nokon nordmann har overlevd! Ein tvilsom norgesrekord.

17. mai på Mt. Everest

I 1996 nådde han toppen av Mt. Everest som første nordmann som følgde NNØ-ryggen fra Tibet den 17. mai i lag med nordmannen Sven Gangdal. Den tida gjekk dei ikkje i kø, slik dei nærmast gjer no. Ulvund meiner han har opphalde seg i Everest-området i 5-6 månader til saman.

Fjellklatraren, denne kvelden med fjella på skjerm.

- Det er ein ting som opptek deg når du er på toppen: Kom deg ned att! sa han.

Dei var ofte meir enn to i telta dei hadde på turen.

Den tredje turen vi fekk høre om var i lag med ein tsjekkisk ekspedisjon til fjellet Gasherbrum I, 8080 meter over havet, som han nådde toppen av i lag med to tsjekkarar 12. juli 2007 som første nordmann.

- Det var på bursdagen min. Beste bursdagsgaven eg har fått! sa Ulvund.

Ein kunne mesta høre både sukk og stønn frå salen under forteljinga om desse turane, for her var ein utafor alle HMS-reglar. Ekstreme temperaturar - målt +58 inne i teltet i solsteiken, og kuldegrader 20 minutt etter solnedgang. Bratte snødekte fjellsider. Det braka litt.

- Når ingen sa noko så gjekk vi vidare, sa Ulvund.

Pianist Hedda Hansen Berg og messosopran Turid Røen Kroknes fekk velfortent blomster

Kulturledar Morten Møller leda kvelden og gav aktørane blomster. Ulvund fekk i tillegg boka om turmål i Rindal. Etter alle turane i høgfjellet under ekstreme forhold, kan han roe ned i trygge godt merka turstigar.

Powered by Labrador CMS