Foredragshaldarane på kunstnarseminaret om postvegen var lokalhistorikar Bernt Bøe, leiar i Stangvik Grendalag og filatelist Jens Settemsdal og forfattar Svein Sæter.
Foredragshaldarane på kunstnarseminaret om postvegen var lokalhistorikar Bernt Bøe, leiar i Stangvik Grendalag og filatelist Jens Settemsdal og forfattar Svein Sæter.

Kunst- og kulturvandring langs Den Trondhjemske postvei

Publisert Sist oppdatert

Gjennom moderne kunst vil Stangvik Grendalag formidle gammal kultur. Brit Dyrnes og Anita Land har tatt initiativet til prosjektet, som skal fortelje historia til postvegen frå Røen til Stangvik.

Med seg i prosjektgruppa har dei leiar i Stangvik Grendalag og filatelist, Jens Settemsdal, kulturleiar i Surnadal kommune Lilli Husby, musikar Jo Inge Nes og stangvikentusiast Anne Nes. Prosjektet har fått støtte frå Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Kunstnarar med lokal tilknyting er invitert til å delta. Dei skal stille ut eigne kunstverk langs postvegen, og denne helga var det første møtet med kunstnarane. Dei som er med i prosjektet er: Siri Skjerve, Yngvild Sæter, Toril Redalen, Jon Arne Mogstad, Brit Dyrnes, Jorun Kraft Mo og Jørgen Moe.

Kunstnarane og prosjektleiar samla i Stangvik Prestegard. Frå venstre Siri Skjerve, Jorun Kraft Mo, Anita Land, Jørgen Moe, Toril Redalen, Brit Dyrnes. Jon Arne Mogstad og Yngvild Sæter er også med, men kunne dessverre ikkje vere med på seminaret.
Kunstnarane og prosjektleiar samla i Stangvik Prestegard. Frå venstre Siri Skjerve, Jorun Kraft Mo, Anita Land, Jørgen Moe, Toril Redalen, Brit Dyrnes. Jon Arne Mogstad og Yngvild Sæter er også med, men kunne dessverre ikkje vere med på seminaret.

Tidlegare har Stangvik vore eit viktig knutepunkt på Den Trondhjemske postvei. Prosjektet vil markere eit stykke viktig kulturarv ved å løfte fram denne delen av den gamle postvegen, frå Tingvoll over fjorden til Stangvik og vidare til Røen og Kvanne. Vegen frå Stangvik til Røen vart vedteken i 1840 og sto ferdig i 1845.

-Vi planlegg å arrangere fleire seminar og ei vandring på den historiske vegen frå Stangvik til Røen, med kunstutstilling og skilt der vi opplyser om den kulturelle betydninga av postvegen, seier Anita Land. Det første med kunstnarane vart arrangert i helga.

-Posten kom over fjorden frå Vågbø og Bølset i Tingvoll. Kryssinga av fjorden, og kor viktig det var å vokte posten, er ein del av historia. Likeins korleis postomberinga vart organisert. Elles var det kjent at vegen frå Røen ikkje var heilt ufarleg; det kunne vere røvarar på denne strekninga. Dette gjev rom for mange historier, som vi vil utfordre kunstnarane på.

-Kor viktig postomberinga var og er vil også vere ein del av historieforteljinga rundt prosjektet. Det finst mange interessante gamle brev i privat eige i Stangvik. Dette vil vere til inspirasjon for kunstnarane og foredragshaldarane, fortel Anita Land

Kunstverka vil vere plassert langs vegen og i fjøra der båtane kom over fjorden. I tillegg vil det vere ei utstilling med dette som tema i Galleriet i Bondehuset, det prektige, 100 år gamle forsamlingshuset. Utstillinga vil vere ein kombinasjon av moderne kunst og historie. Både i galleriet og på vegen vil utstillingane vare tre veker sommaren 2023.

-Vi vil også invitere aktuelle musikarar og foredragshaldarar, med posten og postomberinga som eit tema, fortel Anita Land. Ho legg til at dei vil utfordre musikarane til å ta bruk posthornet og annan lyd som var bruka då posten kom.

-Vi planlegg også restaurering av vorren der postbåten kom inn til Stangvik, om vi får midlar til dette. Vorren vart skadd av storm for ein del år sia.

-Postvegen frå Stangvik til Røen er ein mykje bruka tursti, men det er ikkje mange som er klar over at dei går på historisk grunn. Det vil vi gjere noko med, avsluttar Anita Land.