Styremøte i Kleivafondet STI:

Møterom med deltakere som ser på presentasjon på stor skjerm

Vil gjera endringar i Kleivafondet

Etter formannskapsmøtet tysdag tok medlemmane i formannskapet i Surnadal på seg andre hattar, og møttes som styret i stiftelsen Kleivafondet. Tittelen på saka dei fekk til behandling var "Kleivafondet STI - kva no?".

Publisert

Saksdokumenta til styremøtet i Kleivafondet STI finn du på Surnadal kommune si heimeside. Saka som vart tatt opp i styremøtet handla om kva som skal skje med Kleivafondet no, etter det som har kome fram i Hyldbakk-saka.

Lars Inge Kvande, i dette forumet titulert som forretningsførar, sa at utgangspunktet for innstillinga frå han er at det er rett å sette eit sluttstrek og begynne på nytt. 

Forretningsføraren si innstilling til styret var slik: 

Styret i Kleivafondet STI vedtek følgjande:

1. Det vert starta ein avviklingsprosess av Kleivafondet STI. 

2. Administrasjonen skal knytte til seg juridisk kompetanse i det første del av arbeidet. Når det juridiske arbeidet er gjennomført blir styret kalla inn til møte for å gjere relevante vedtak i trå med det som vert kravd knytt til dokumentasjon mv. Vedtaket bes gjennomført så raskt som mogleg, og før sommaren 2026. 

Person holder presentasjon bak trepult med mikrofon og bærbar PC.
Jorid Aarvåg fekk full tilslutning til sitt forslag om endringar i Kleivafondet.

Jorid Aarvåg (Ap) tok ordet. Ho sa at det verkar forhasta å seie at ein skal avvikle Kleivafondet. 

– Avikling av ein stiftelse ser ikkje ut til å vera gjort på 1-2-3, og eg synest ikkje at vi veit nok om kva det inneber enno, heller, sa ho.

Vidare sa Aarvåg at ho heller ønsker å sjå på kva moglegheiter ein har for å gjera endringar i stiftelsen. Ho la fram eit endringsforslag frå Arbeiderpartiet:

Det skal gjerast ei utgreiing av moglegheitane for endring av namn, vedteke formål m.m. i Kleivafondet STI for å legge betre til rette for framtidig bruk av fondet. 

Kommunedirektøren i Surnadal kommune følgjer opp vedtaket og hentar inn nødvendige juridiske avklaringar.

Styret legg ikkje opp til utdeling frå fondet i 2026.

Forslaget frå Arbeidarpartiet vart einstemmig vedteke.

Sjå opptak frå møtet i slutten av opptaket frå formannskapsmøtet på Kommune-TV:

Powered by Labrador CMS