Pressemelding frå Surnadal kommune:

Smittesituasjonen i Surnadal: Ni personer bekrefta smitta

Alle har milde symptom og dei fleste smitta er vaksinerte.

Slik er smittesituasjonen i Surnadal no

Over helga kan vi starte ei ny arbeidsveke med betre oversikt og kontroll på smittesituasjonen som oppstod. Det har vore hektisk smittesporing og stor testaktivitet med mange berørte i alle aldrar. Kommuneoverlege Bjørn Buan melder at samtlege per i dag har milde symptom og at dei fleste smitta er vaksinerte.

Det totalt 9 personar i Surnadal som er bekrefta smitta med covid 19 og som er under oppfølging no. Av desse er det 7 som kan knyttast til utbrotet i Midtigrenda barnehage. Her avventar vi resultat frå PCR-prøve på ytterlegare ein nærkontakt.

Husstandsmedlemmar og tilsvarande nære til dei som er bekrefta smitta, er i smittekarantene i 7 dagar, i tråd med innføringa av lokal forskrift om forlenga isolasjonstid og smittekarantene for husstandsmedlemmar før helga. Alle følger gjeldande testregime knytta til isolasjon og karantene. Alle berørte tek ein ny hurtigtest før oppmøte i barnehagen på måndag.

Ein elev ved Surnadal barne- og ungdomsskule er bekrefta smitta med positiv PCR-prøve. Hurtigtesting av elevar og vaksne på det aktuelle trinnet har avklart at det ikkje er fleire smitta knytt opp til dette enkelttilfellet.

Tidlegare i november vart ein eldre person bekrefta smitta utan at dette har medført fleire smitta i vår kommune.

Når det gjeld situasjonen der ein tilsett ved Surnadal vidaregåande skule fekk positiv hurtigtest som vart avkrefta med PCR, avventar vi prøvesvar på ein ekstra PCR-test.

Ein fornuftig kvardag framover - saman

Smittesporinga teiknar eit bilete av smittevegar inn til kommunen knytta til reiseaktivitet til Trondheim og Oslo.

I ei tid med aukande smittetal og press på helsevesenet, skal vi først og framst halde oss heime når vi har symptom og ta ein hurtigtest. Symptoma på covid-19 er tilnærma like for både vaksinerte og uvaksinerte.

Det ingen grunn til at friske barn og fullvaksinerte ikkje kan leve som normalt i vår kommune no. Det er lov å bruke sunn fornuft og vurdere risiko for seg og sine nærmaste. Enkelte vil kanskje velje å ha på munnbind i enkelte situasjonar i tida framover. Dei fleste eldre over 65 år i kommunen blir vaksinerte med ei 3. oppfriskingdose før jul. Vaksinering av denne gruppa med ei 3. dose blir nok ein viktig milepæl for samfunnet under pandemien. Smittesituasjonen som oppstod den siste veka minner oss alle om at vi bør gå inn i julebordsesongen og julehandelen med ei viss forsiktigheit og gode smittevernrutiner.

Powered by Labrador CMS