Tidleg førjulshelsing med dugnadsråd frå kriseleiinga i Surnadal kommune:

Ordførar Margrethe Svinvik og kommuneoverlege Bjørn Buan.

Siste skanse før nasjonal lockdown

Vi er no i starten av andre bølge. Denne bølgen kan føre til at vi nasjonalt blir nødt til å stenge ned. Nokre av tiltaka som no er innførte utgjer dei strengaste tiltaka i verktykassa. Dei siste nasjonale anbefalingane og reglane inneber difor ei bønn frå myndigheitene om å få oss alle med på ein dugnad for å forhindre nasjonal lockdown.

Publisert Sist oppdatert

Frå Norge stengte ned i mars og fram til no, har kommunen vår hatt 6 påviste smittetilfelle med covid-19. Vi har klart å halde smitten unna sjukeheimen vår og dei mest sårbare risikogruppene. Per 10.11.2020 har vi ingen nye påviste smittetilfelle og ingen personar er sett i karantene. I lys av at Surnadal er ein kommune med mange skular og høg deltaking i idrettslag, samt at vi har eit solid næringsliv med oppdrag og forgreiningar til mange ulike regionar, er det god grunn til å tru at mykje er blitt gjort riktig, ofte nok og av mange nok.

Grensekommunane våre har og greidd å halde smitten nede, slik at vi som bu- og arbeidsmarknadsregion jamt over har hatt likt tiltaksnivå og like rammer kring kvardagane våre. Bra jobba! Det er grunn til å gi ros til kommunane for å ha gode planer, bruke rett kompetanse og ha god beredskap i alle ledd for å kunne handtere ein pandemi uten å ha tilgang på ein medisinsk kur.

Fram til den siste tida har smittetrykket kring oss vore relativt lågt. Dette er ikkje lenger noko vi skal ta for gitt. Smittetrykket nasjonalt har auka raskt dei siste vekene og landet er no ein del av den andre bølgen av pandemien som herjar i utlandet.

På same vis som smittebølgen frå utlandet har funne vegar inn til Norge og langt på veg skapt ei nasjonal smittebølge, må vi førebu oss på at den nasjonale smittebølgen finn vegar inn i våre nabokommunar og vår kommune. I enkelte byar og regionar vi likar å reise til er det innført tiltak som liknar den nedstenginga vi såg i vår. Nokre av tiltaka som er innførte utgjer dei strengaste tiltaka i verktykassa. Dei siste nasjonale anbefalingane og reglane inneber difor ei bønn frå myndigheitene om å få oss alle med på ein dugnad for å forhindre nasjonal lockdown.

Dei nasjonale råda er adresserte til oss lokalt for at vi skal få mulegheit til å gjere ein ekstra innsats for å beskytte kvarandre og oss sjølve i tida som kjem. Kommunen førebur seg på sin måte ved å styrke eigen beredskap og er budd på den smitteaukinga som er på veg. Vi går over til digitale møte, avlyser reiser og diskuterer heimekontor. Samtidig klamrar vi oss til håpet om at vi har kontroll på smitten nasjonalt om 3 veker. Vi klamrar oss til håpet om at vi ikkje skal få utbreitt smitte i kommunen. Vi er ein liten og sårbar kommune og fryktar å komme i ein situasjon der vi kan miste mulegheita til å drive effektiv smittesporing. Ei lokal smitteoppblomstring vil kunne ramme oss hardt, både på det menneskelege plan og økonomisk.

Myndigheitene ber oss forsterke det menneskelege skjoldet for å slakke smittetempoet og slå ned bølgen. For når det kjem til stykket, er det folket vårt som utgjer det sterkaste skjoldet mot pandemien. Før vi ber om forsterka innsats, vil vi gi ein honnør til alle som har stått på for fellesskapen fram til no. Vi vil særleg berømme lokal ungdom som har vist omsyn til andre ved å ofre mange av dei festene og reisene som høyrer ungdomstida til. Vi har ekstra medkjensle for dei mange ungdommane våre som ikkje får ta del i campusundervisning og det sosiale studentlivet i byane. Mange ungdommar har opplevd å vere under press frå storsamfunnet og har fått liva sine satt på vent, fordi dei som gruppe utgjer ein potensiell smittespreiar - utan å vite det. Ei slik kollektiv belastning har ingen av oss som er i arbeidsfør alder opplevd på kroppen i ung alder. Det er det berre krigsgenerasjonen som har.

For at vi skal kunne forsterke det menneskelege skjoldet vårt mot den nasjonale smittebølgen som er i anmarsj, oppfordrar vi alle til å vere flinke til å hjelpe kvarandre og minne kvarandre på kva som rett å gjere og kva som ikkje er greitt. Gjer det helst med eit smil!

Det er kjempeviktig at vi alle blir flinkare til å halde avstand til kvarandre og til å begrense sosial omgang i tida framover.

Vi har erfart at politiet i Møre og Romsdal har meldt om låg terskel for å rykke ut ved melding om mistanke på brot på smittevernreglane. Greier vi å oppretthalde det låge smittetrykket, er gevinsten stor. Målet er at vi om 7 veker skal kunne få oppleve ei så normal norsk julefeiring som muleg, i lag med våre nære og kjære. Det er mange land i Europa som kan gløyme håpet om ei slik jul i 2020.

Vi vil trekke fram følgande konkretiseringar av nasjonale råd som rettesnor for dei neste vekene:

Hindre import av smitte til kommunen:

· Strengt nødvendige innanlandsreiser er å forstå som medisinske reiser, deltaking i gravferd eller arbeidsreiser som ikkje kan utsettast. Å unngå innanlandsreiser som ikkje er nødvendige betyr i praksis å ikkje reise til eit område med høgare smittetrykk enn der du bur for å dra på julehandel eller hyggebesøk til venner og familie.

  • Vi anbefaler å unngå å private samankomstar i heimane med familiemedlemmar som ikkje bur under same tak dersom det blir fleire enn 10 personar til stades. Kun barnebursdagar er unntatt dette rådet.
  • Studentar i byane bes unngå å reise att og fram til heimbygda, dersom det ikkje er ei reise som er definert som strengt nødvendig. Det kan vere strengt nødvendig å dra på arbeid, men dette bør du ta opp med din lokale arbeidsgjevar.

Hindre smittespreiing mellom personar innad i kommunen:

  • Private samankomstar i leigde lokale er ikkje forbode, men vi er alle bedne om å begrense sosial kontakt. Vi anbefaler difor å utsette private samankomstar og feiringar som vaksenbursdagar, bryllup og barnedåp. Det betyr også at det ikkje er anbefalt å samle inntil 20 personar til full fest i leigde lokale. Det har vist seg at det er ekstremt vanskeleg å etterleve smittevernreglane i festleg lag.
  • Dersom ein mot betre vitande eller ufrivillig har vore i folkeansamlingar med mindre enn 1 meter avstand mellom folk (gjeld ikkje skule/skuleskyss): Hald minst 2 meter avstand til eldre og personar i risikogruppe i 5 dagar etterpå.
  • Vi anbefaler bruk av munnbind for alle over 14 år i taxi når det er fleire enn 2 passasjerar. Pasientreiser og skuleskyss har sine eigne smittevernreglar ved bruk av taxi.
  • Vi anbefaler bruk av munnbind for alle over 14 år på bussreiser som ikkje er skuleskyss.

I praksis betyr dette at vi gjer unna julehandelen i Surnadal, at vi held oss mest muleg i ro og er ekstra flinke til å halde avstand til andre. Vi må hjelpe kvarandre til å ta gode valg. Og ja – det betyr at festbremsen er trykt heilt inn akkurat no. Til gjengjeld håpar vi på ei god jul for alle, der både barn, foreldre og besteforeldre kan vere saman. Er vi heldige får vi kanskje plass til eit lite vennelag i romjula.

Ei gledeleg nyheit er at vi kan håpe på ei effektiv vaksinering av risikogrupper i løpet av våren 2021. Inntil da må du og alle vi andre vere det gode smitteskjoldet som gir oss rom til å fortsette å leve så gode liv som muleg gjennom pandemien.

Hald ut - det er lys i tunnelen!

Beste helsing
Kriseleiinga i Surnadal kommune

Powered by Labrador CMS