Etterlengta vedtak i formannskapet

Barnehagane og skulane går tilbake til grønt nivå

Publisert

Måndag kveld møttes formannskapet i Surnadal på Teams for å ta ei ny avgjerd om nivået på koronarestriksjonar i kommunen framover.

For ei veke sidan vedtok formannskapet i eit ekstra møte å vidareføre kommuneoverlegen sitt hastevedtak frå 17. januar, om gult nivå i barnehagene og i barne- og ungdomstrinnet i kommunen. Formannskapet forlenga vedtaket berre for ei veke framover, og tok opp spørsmålet på nytt no måndag kveld.

Kommuneoverlege Bjørn Buan orienterte formannskapet om utviklinga i smittesituasjonen i kommunen den siste veka. Det har vore ein del smitte på ungdomstrinnet, men lite på barnetrinnet og i barnehagane. Kommuneoverlegen uttrykte bekymring for høgt sjukefråvær innanfor dei kommunale tenestene, men dette skal vere løysbart slik det er no.

Buan påpeikte at ein må rekne med at smitten kjem til å auke meir før den begynner å gå ned, men det er grunn til å tru at smittetoppen blir nådd snart, både nasjonalt og lokalt.

Komuneoverlegen tilrådde å gå tilbake til grønt nivå i barnehagane og skulane frå og med tysdag 1. februar, og elles følge dei nasjonale anbefalingane. Dette vart samrøystes vedteke av formannskapet.

Dette er formannskapet sitt vedtak:

Barnehagane, barne- og ungdomstrinnet ved skulane og vaksenopplæringa i Surnadal kommune skal følgje grønt nivå frå og med tysdag 1. februar 2022 kl 00.00, og elles følgje dei endringar som følger av nasjonale anbefalingar - med mindre ein ekstraordinær situasjon oppstår i kommunen.

Powered by Labrador CMS