Informasjon frå Surnadal kommune:
Medan vi ventar på koronavaksine
Surnadal kommune er godt i gang med å planlegge for koronavaksinering av befolkninga vår. Organiseringa av vaksinasjonen vil bygge på erfaringar frå influensavaksineringa i haust, men med nokre justeringar.
Regjeringen beslutta 12. oktober å tilby vaksinasjon mot covid-19 som ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet. Dette betyr at kommunane får ei plikt til å tilby vaksinering til befolkninga. Staten har bestemt at vaksinen vil vere gratis for befolkninga og at kommunane får dekt sine kostnadar for gjennomføring av vaksinasjonen. Vi vil fortløpande informere befolkninga om planlegging og gjennomføring av koronavaksinering i Surnadal kommune.
Kommunen sitt ansvar:
Koronavaksineringsprogrammet følger ansvarsfordelinga i Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram og Nasjonal beredskapsplan mot utbrudd av alvorlige smittsomme sjukdommar.
- Kommunen skal organisere vaksinasjonane slik den finner det mest hensiktsmessig for å oppnå høgast muleg vaksinasjonsdekning i målgruppene, og samtidig sørge for å halde oversikt over kven som er vaksinert.
- Kommunen skal sørge for å etablere rutiner for samarbeid mellom dei kommunale tenestene som skal sørge for at oppgåver etter forskrifta blir utført, og eventuelle private helsepersonellutøvere som kommunen har avtale med.
- Kommunen skal gi nødvendig informasjon til befolkninga om vaksinasjonsprogrammet, korleis vaksinasjon er organisert lokalt og kor dei kan få gjennomført vaksinasjon
- Gjennomføre vaksinasjon av eiget helsepersonell
Når startar vaksineringa:
Vi planlegg for oppstart av vaksinering i starten av første halvår 2021. Vi veit ikkje eksakt når vi vil få tilsendt dei første vaksinedosene, og vi veit ikkje kor mange vaksinedoser vi vil få tilbod om i starten. Kommunen vil følge Folkehelseinstituttet sin plan for handtering og distribusjon av vaksiner mot covid-19.
Kven vil få tilbod om vaksine først:
Surnadal kommune følger lojalt dei nasjonale råda om prioriterte grupper for koronavaksinasjon i Norge. Det vil komme meir detaljerte nasjonale føringar for prioritering av vaksinasjonsgrupper og vi vil vidareformidle informasjon på bakgrunn av dette.
Håpet er å få vaksinert ein så stor del av befolkninga som muleg innan sommaren.
Les meir om koronavaksinering på helsenorge.no
Bestille koronavaksine:
Vaksinering er frivillig og må bestillast. Vi vil komme med informasjon om korleis ein kan registrere seg for å bestille koronavaksine, både for seg sjølv eller andre, når denne løysinga er klar. Planen er å tilpasse det digitale bookingsystemet c19 til også å inkludere bestilling av koronavaksine. Vi skal uansett sørge for å nå alle.
Denne informasjonen er også å finne på Surnadal kommune sine heimesider.