Surnadal kommune melder:

Illustrasjonsbilde av koronaviruset

Ingen fleire positive prøvar i regi av lokal smittesporing

Dette er status frå smittesporinga etter hurtigtesting på måndag.

Gjestearbeidaren som er registrert i Surnadal, men oppheld seg i ein annan kommune, har fått bekrefta smitte med den britiske virusvarianten.

Husstanden til arbeidsgjevar har testa negativt på hurtigest måndag. Ytterlegare ein person har også testa negativt på hurtigtest.

Vi ventar framleis på eit par prøvesvar på ordinære testar tatt før helga. Det er ikkje bekrefta om det første smittetilfellet dreier seg om mutert virus.

Det er ikkje lenger uventa at det blir konstatert smitte med mutert virus. Det blir no påvist mutert virus i dei fleste prøvane som blir analyserte for å bestemme virusvariant.

Situasjonen lokalt er under kontroll med omsyn til dei to smittetilfella vi fekk påvist fredag og søndag.

Powered by Labrador CMS