Bjørn Buan til Surnadal Næringsforening:

Bjørn Buan, kommuneoverlege i Surnadal kommune.

Håpar utvida vaksinetilbod kan føre til ferdigvaksinerte surnadalingar før sommaren

...men kommuneoverlegen trur det er meir sannsynleg at ein er ferdige med vaksineringa 1. september.

På eit frukostmøte i Surnadal Næringsforening tysdag, gav kommuneoverlege Bjørn Buan i Surnadal næringslivet i kommunen ei oppdatering om koronasituasjonen.

Det nærmar seg eitt år sidan koronaen sitt inntog i Noreg. 12. mars i fjor iverksette regjeringa dei mest inngripande tiltaka Noreg har hatt i fredstid, som følgje av den verdsomspennande pandemien.

Snaue tre veker seinare, 31. mars 2020, fekk Surnadal sitt første smittetilfelle. 16. januar i år kom det som per no er det siste, og kommunen har så langt hatt totalt 12 bekrefta tilfelle av koronasmitte.

– Det er ikkje store tal, men vi har sett at det har påverka både privatliv, yrkesliv, bedrifter og organisasjonar, sa kommuneoverlege Bjørn Buan i innlegget sitt til næringsforeininga.

Buan fortalte om korleis biletet no endrar seg i takt med at viruset går over til den meir smittsame britiske, muterte versjonen, medan den opprinnelege versjonen av viruset framleis er på veg ned.

Kommuneoverlegen er glad for at ein i såpass stor grad har klart å halde viruset unna, og at ein no er i gang med vaksineringa.

– No står vi framfor ei oppblomstring i vaksinetilbod, med fire ulike typar. Det er godt nytt for alle her, sa Buan.

Meir smitte internt i Norge enn ved innreise

I og med at han snakka til mellom 25 og 30 frammøtte aktørar frå det lokale næringslivet, tok han og for seg innreisereglar og godkjenningsordning for gjestearbeidarar.

Buan understreka viktigheita av at reglane vert følgd.

– Det normale er at dei som kjem inn i landet oppheld seg på karantenehotell i kommunen ein kjem til, men ein kan og nytte annan opphaldsstad dersom ein testar seg for korona på grensa. Då skal arbeidsgjevar sørgje for ein godkjent opphaldsstad – med einerom, tv, internett, eige bad og kjøkken, eller anna moglegheit for å lage mat, sa kommuneoverlegen, og la til:

– Dersom ting ikkje er på stell på ein rekne med å få bøter, så det er viktig å ha orden på dette.

Ser ein på dei totale tala, vart det ved testing på grensa oppdaga rundt 50 smittetilfelle blant dei rundt 9400 personane, som kom til landet for to veker sidan.

– Det fortel at smitte ved det muterte viruset i hovudsak skjer mellom dei som allereie oppheld seg i Noreg. Det er klart at det er viktig å luke ut dei 50 i veka, som kan gje meir smitte, men risikoen er først og framst dei som er omtala i disputten mellom ordføraren i Molde og Raymond Johansen i Oslo:

– Smitten i Noreg ligg i eit belte frå Bergen til Austlandet og sørover til Kristiansand, seier Buan.

Kommuneoverlegen i Surnadal oppmoda difor lokale bedrifter, som er avhengige av kontakt med aktørar frå det omtalte området, om å forhalde seg til dei aktuelle aktørane på ein god måte.

– Vi har eit virus som smittar mykje hissigare enn det vi hadde før, sjølv om sjukdommen ved det nye viruset ikkje ser ut til å vere betydeleg verre – men litt verre er den, sa Buan.

Har håp om å verte ferdige med vaksinering til sommaren

Han nytta høvet til å takke næringslivet i Surnadal for godt samarbeid.

– Samarbeidet har vore godt, og vi har klart oss bra i Surnadal. Eg har eit veldig godt inntrykk av næringslivet, sa Buan.

Da det vart opna for spørsmål, spurte Lars Inge Kvande, dagleg leiar i Trollheim AS, om når Buan trur det er realistisk at ein er ferdige med vaksineringa i Surnadal. Slik svarte kommunelegen på det:

– Det siste som er sagt er at dei som står sist i køen, det vil seie dei yngste over 18 år, ikkje vil vere ferdigvaksinerte før over sommaren. Vi har eit håp om at dette skal framskundast. Med fleire, nye typar vaksiner på plass kan det vere at vi går tilbake til det statsminister Erna Solberg sa, om at vi kan ha håp om verte ferdig til sommaren.

Buan fortsette:

– Det blir veldig spennande korleis dette faktisk blir i sommar, for dei yngste og friskaste, som ventar på vaksinen. Mentalt sett, trur eg plan A må vere å bli ferdigvaksinerte til 1. september, plan B at ein blir ferdige før ein reiser ut i ferie.

Gjennomførte årsmøte

Før frukostmøtet vart det gjennomført årsmøte for Surnadal Næringsforening. Der vart Sara Akerfeldt (Svorka) attvalt som leiar, medan Mari Bøe (Innveno) kom inn i styret for Oddvar Mikkelsen.

Akerfeldt og Bøe utgjer det nye styret saman med Svein Erik Nilsen (Surnadal Transport), Heidi Meslo Sæther (Skei Klippotek) og Ricardo Ynonan-Sanchez (Olav Thon Gruppen, avd. Surnadal).

Anders Larsen (Laget Vårsøg) tok over Mari Bøe sin plass som første vara, medan Eva Husby (Føniks Vask & Rens og Kokkens.no) er andre vara.

Powered by Labrador CMS