Surnadal kommune takkar innbyggjarane for innsatsen og ser framover:

Knut Haugen (f.v.), Gunhild Eidsli, Anne Lise With Wullum, Gunn Bredesen, Astrid Mogstad Høivik, Margrethe Svinvik og Bjørn Buan feirar at koronarestriksjonane er fjerna, og det norske samfunnet gjenopna.

Glade for gjenopning - takkar surnadalingane for innsatsen under pandemien

Ved gjenopninga av landet hadde Surnadal registrert 17 bekrefta tilfelle av koronaviruset. – Konklusjonen er at vi står godt rusta til nye utfordringar, men det er alltid mykje å lære, seier kommuneoverlege Bjørn Buan.

Publisert

Laurdag opna det norske samfunnet til det som har vorte kalla ein normal kvardag med auka beredskap. Leiinga og administrasjonen i Surnadal kommune rettar no ei takk til både tilsette, frivillige og resten av innbyggjarane i kommunen.

– Vi sett stor pris på den ekstraordinære innsatsen folk har gjort. Mange fekk arbeidskvardagen sin snudd på hovudet, og mange, mellom anna innan helse, skule og barnehagar og reinhald, har stått ekstra på i lang tid.

Det seier ordførar Margrethe Svinvik, som er godt fornøgd med måten kommunen har møtt og takla koronapandemien på.

– Eg trur folk har opplevd at vi har stått saman om dette, og kvar enkelt sin innsats har vore med på å løfte laget. Tiltaka våre har fungert veldig godt, seier Svinvik, som og takka lokalpressa for godt samarbeid.

– Vi har fått tilbakemeldingar frå innbyggjarane om at dei føler at dei har vorte godt opplyst og informert.

Svinvik peikar på at kommuneoverlege Bjørn Buan kom til Surnadal i grevens tid, med tanke på pandemihandteringa.

– Han sette tidleg ein visjon om 0 dødsfall, og det har vi klart. Det hadde ikkje gått utan det gode samarbeidet vi har her i Surnadal, seier ordføraren.

Glad kommuneoverlege

Buan sjølv er glad og takksam for at vi no er komne så langt som vi er komne i pandemien si utvikling.

– Vi har klart å legge frå oss koronatiltaka, og det gjer at vi kan leve eit meir normalt liv framover. Vi har komme godt ut av pandemien, og ikkje mista nokon på grunn av koronarelatert sjukdom. Null døde var eit mantra, som låg til grunn for alle tiltaka vi sette i verk undervegs. Vi kunne ikkje ta nokon risiko, som gjorde at dødsfall kunne bli ein konsekvens.

Buan fortel at det er innbyggjarar i Surnadal i dag, som slit med etterverknader av koronasmitte.

– Det er eit tema det har vore lite snakk om her, men slik er det for nokre av innbyggjarane våre. Vi håpar etterverknadane vil forsvinne heilt etter kvart.

Kommuneoverlegen gjev ros til surnadalingane, som han opplever har vore samla og målretta i kampen mot koronaen.

– Mi erfaring er at heile samfunnet i Surnadal har stått saman om å halde smitten unna. Det er inga sjølvfølge, så det vil eg gje innbyggjarane spesiell ros for. Dei har ofra fridomen til å leve eit normalt liv, og utan unntak har dei samarbeida godt ved påvist smitte, seier Buan, og held fram:

– Takk og til dei frivillige, som har gjort ein fantastisk innsats. Eg håpar at innsatsen dei har gjort, betalar seg - i form av at fleire sluttar seg til den frivillige innsatsen dei gjer på andre områder. No har vi for alvor sett betydninga av å ha ei sterk frivilligheit i samfunnet.

Har bestått prøven

Bjørn Buan peikar på at både arbeidstakarar og -gjevarar har vore lojale og følgd dei råda som har vorte gjevne, og at folk har vore flinke til å ta vare på dei som er i høgrisikogruppene.

Han meiner Surnadal kommune sin underliggande beredskap har bestått prøven, så langt.

– Konklusjonen er at vi står godt rusta til utfordringar, men det er alltid mykje å lære, seier Buan, og legg til:

– Vi har hatt eit team, som har vore synleg og jobba etter gode planar, og som har gjort jobben sin på ein utmerka måte – i tillegg til at dei har heldt ut over tid. Det gjeld både tilsette og frivillige, og det har gjort at vi har fått kontroll på smittetilfella vi har hatt. I dag skal vi glede oss over at Surnadal er komme ut av det klamme grepet til koronaen. Vi ligg godt under snittet i landet med 17 smittetilfelle.

Buan slår og fast at kommunen har hatt samarbeidd godt med både nabokommunar og sjukehus.

Knut Haugen (f.v.), Gunhild Eidsli, Anne Lise With Wullum, Gunn Bredesen, Astrid Mogstad Høivik, Margrethe Svinvik og Bjørn Buan.

Barn og unge mest utsett framover

Når det gjeld tida framover, meiner kommuneoverlegen at innbyggjarane no skal leve eit så normalt liv som mogleg.

– Vi må hugse at det totale risikobiletet er mykje lågare i Noreg no, enn det var. Akkurat som med ein kvar anna smitte er det nokon som blir sjuke, men nivået for korona held på å nærme seg nivået til annan allmennfarleg smitte, seier han, og legg til:

– Vi skal likevel halde fram med gode hygienetiltak, som å halde god handhygiene og halde oss heime ved sjukdom. Det gjer at vi vinn tid og hindrar smitte. Vi skal nytte sjølvtesting og hurtigtestar, og ved positive testsvar skal einingsleiar Helse og familie, Gunn Bredesen, og eg kontaktast, seier Buan.

Han seier vidare at det er barn og unge som vil vere mest utsett for smitte i tida framover.

Astrid Mogstad Høivik, kommunalsjef Oppvekst, supplerer:

– Ja, i barnehagar og skular står dei framleis litt i alarmberedskap. Den største uvaksinerte gruppa er ungar under 12 år, men vi har eit godt samarbeid med helse, og har sendt ut sjølvtestar så langt kapasiteten rekk. Det kjem vi til å fortsette med, så vi prøvar å oppretthalde bevisstheita rundt dette i barnehagar og skular.

– Innan helse og omsorg må vi og ha fokus på dette framover, og vi held fram med beredskap. Vi feirar, men vi følgjer framleis med, seier Gunhild Eidsli, kommunalsjef Helse og omsorg.

Takkar for fantastisk innsats

Kommunedirektør Knut Haugen understrekar at det er dei nasjonale restriksjonane, og ikkje koronaen, som er over.

– Vi er glade for at restriksjonane er fjerna, men senkar ikkje guarden endå, seier han, og fortel at det har vore ein interessant periode, med tanke på å teste beredskapen i kommunen:

– Bjørn har vore flink til å stille oss dei riktige spørsmåla, og eg tykkjer vi har vist god omstillingsevne. Så er det slik at vi aldri klarar å takke verken frivillige eller tilsette nok, for den fantastiske innsatsen deira.

– Alle fortener ei vanvitig stor takk, og vi vil prøve å finne på noko for å gje ei ordentleg takk, når vi får summa oss litt. Men ei kjempestor takk til tilsette, frivillige og innbyggjarar, seier Haugen, som og trekkjer fram koronakorrespondent Anne Lise With Wullum for jobben ho har gjort under pandemien.

Reknar med vaksinasjonsdekning på over 90 %

Gunn Bredesen, einingsleiar Helse og familie i Surnadal kommune, fortel at kommunen no fordeler testane dei får tilsendt frå staten ut til skular og barnehagar. I tillegg vert det heldt eit restlager, i tilfelle utbrot.

Når det gjeld vaksinering er kommunen stort sett ferdig med dose 1 på dei ungdommane dei har klart å nå.

– Den siste oppsette vaksinasjonsdatoen vår er dose 2 for 16- og 17-åringane 5. november. Då er vi ferdige, så har vi restdosar vi skal ta på dei som ikkje har kunna møte, seier Bredesen.

Ho fortel at ein og er i gang med å gje dose 3 til dei som har dårleg immunforsvar, og 1.-3. november blir det ordinær influensavaksinering.

– Vi reknar med vi kjem godt over 90 prosent i vaksinasjonsdekning når vi er ferdige, og det er vi veldig godt fornøgde med.

Her kan du lese kva Surnadal kommune sjølv skriv om gjenopninga, og kva den vil ha å seie for innbyggjarane i tida framover.

Powered by Labrador CMS