Surnadal kommune melder:

Aukande smitte i Surnadal

Ni nye påviste smittetilfelle. Forlengar lokale smitteverntiltak.

Onsdag 24. november vart det påvist ni nye smittetilfelle i Surnadal. Det er eit høgt antal, men venta, etter at personane hadde testa positivt på hurtigtestar tidlegere i veka.

Dei som er smitta går over frå ventekarantene til isolasjon i samsvar med den lokale koronaforskrifta frå sist veke.

Dei fleste smittetilfella har samanheng med utbrotet i Midtigrenda barnehage, resten har forbindelse med kjent importsmitte frå Trondheim. Spredning av smitten skjer i stor grad via eigen husstand ut i samfunnet.

Forventar fleire smittetilfelle

Kommunen ventar på ytterlegare prøvesvar som kan auke smittetala noko dei nærmaste dagane. Dersom vi unngår ny importsmitte, kan vi deretter forvente ei normalisering. Det er ein optimistisk prognose, dessverre, i lys av pågåande auka handel og mange sosiale samankomster framover mot årsskiftet. Sjukdom og karantene kan da komme til å svekke private og offentlege tenestetilbod.

Så langt i november er vi oppe i 23 smittetilfelle i Surnadal.

Hastevedtak om forlenga lokal forskrift

Som svar på det pågåande smittetrykket har kommuneoverlege i samråd med ordførar fatta eit hastevedtak som vidarefører den lokale og skjerpa forskrifta om utvida isolasjonstid og karantene for nærkontaktar som er husstandsmedlemmar eller tilsvarande nære. Vedtaket gjeld frå 25. november til og med 1. desember. Dette er gjort i påvente av at behovet for lokale smitteverntiltak skal opp i formannskapsmøtet 30. november.

Trafikklysmodellen for smittekontroll i oppvekstsektoren vil bli justert løpande.

Høgt tempo og god oppslutning om 3. dose med koronavaksine

Surnadal kommune følgjer opp anbefalingane frå FHI om å framskunde tilbodet om ei tredje dose koronavaksine. Det er sett opp ein ekstra vaksineringsdag 10. desember og innkalling og massevaksinering pågår for fullt. Fleire og fleire henvender seg no for å få dose 1 og dose 2. Desse blir prioritert vaksinetime på aktuelle datoar for massevaksineringa med dose 3.

Med vennleg helsing
Kommuneoverlege Bjørn Buan

Powered by Labrador CMS