Elev ved Surnadal vidaregåande skole med positiv korona-hurtigtest

Publisert Sist oppdatert

Surnadal vidaregåande skole skriv i eit Facebook-innlegg måndag kveld at ein elev ved skulen testa positivt for covid-19 på ein hurtigtest søndag 19. september. Skulen vart gjort kjende med den positive testen måndag kveld.

Eleven som har testa positivt på hurtigtesten er heimehøyrande i Halsa.

I Facebook-innlegget skriv skulen vidare at nødvendige tiltak er sett i verk i samråd med kommuneoverlege og i tråd med nasjonale anbefalingar.

Det vert ikkje sett inn ytterlegare tiltak i klassen eller på skulen utover låg terskel for hurtigtesting. Elevar og tilsette med symptom vert bedne om å halde seg heime og teste seg før dei kjem på skulen igjen.

Dersom smittesituasjonen utviklar seg negativt, vil andre tiltak bli aktuelle, melder Surnadal vidaregåande skole.

Powered by Labrador CMS