Kraftfull opning av Stangvik­festivalen

Stangvikfestivalen sin opningskonsert ga publikum eit innblikk i kva resten av veka og helga har å by på. Ei herleg rekke med musikalitet på høgt internasjonalt nivå. Opningskonserten, med namnet Fjordablikk, var tematisk oppbygd med både skjemt og alvor.

Publisert Sist oppdatert

Stangvikfestivalen byr i år på eit mangfaldig program. Sentralt i festivalen finn vi festivalkunstnar Siri Skjerve, festivalkomponist Frode Fjellheim og North Cultitude 6263. North Cultitude 6263 har som mål å forene kunstnarar og artistar frå den 62. og 63. breiddegrad. Under onsdagens konsert i Bøfjorden fekk vi møte nokre av dei, samt eit lokalt gjenhøyr frå den 63. breiddegrad.

Kunstnarisk leiar Sigrid Velteseter Bøe opna konserten med ein kulokk frå Haugtussa, skrive av Arne Garborg og musikk av Edvard Grieg. Sopran Sigrid Vetleseter Bøe i samspel med trompetist Frode Torjussen var ei festivalopning verdig.

Etter ståande allsong med Bjøfjordsongen, stod fylkesvaraordførar Line Hoem for den offisielle opninga av festivalen. Line Hoem starta med å sitere Georg Brandes sitt sitat om at kunsten inneheld svar på kva mennesket er. Kulturen seier noko om røter, identitet og tilhøve seier ho sin opningstale. Hoem rosar festivalens program og seier i talen at Surnadal og Nordmøre er ein stad der kultur skapast.

Line Hoem stod for opninga av Stangvikfestivalen.
Anna-Marie Buehler frå Finland fekk tankane til å fly med både poesi og fløytespel.

«Fjordablikk» kalla dei konserten, og kanskje ligg det noko i namnet når Anna-Maria Buehler med fløyte og poesi får oss til å løfte blikket. I introduksjonen seier Anna-Maria at stykket handlar om korleis vi ser skuggane våre, omverden og korleis vi plasserer oss i samfunnet. Frå kaos og indre uro til eit håp om betre tider tok Anna-Maria publikum på ei følelsesmessig reise.

Ein mannskvartett beståande av tenor Linard Vrielink frå Nederland, baryton Jaka Mihelav frå Slovenia, baryton Adam Kutny frå Polen og den svenske bassen Erik Rosenius var dei neste til å presentere seg. Dei ga publikum ein staut og mektig versjon av diktet «Når fjordene blåner» av John Pauslen, tonesett av Alfred Paulsen. Kan det hende vi får ein reprise til helga ute i Stangvika?

Fv. Anna- Marie Buehler (Finland), Panu Sivonen (Finland), Odd Lyngstad (Norge) Margrethe Garbrielsen Lysholm (Norge) og Gudni Franzon (Island).

Eigentleg skulle denne konserten vere ute, men sidan været ikkje er på vår side vart han flytta til Sjøbruksmuseet. Kanskje det ikkje var så dumt? Ein blåsekvintett beståande av musikarar frå Noreg, Sverige, Finland og Island spelte «Three Shanties» av Malcom Arnold. Frå kva ein skal gjere med fulle sjømenn, sakn etter dei heime og tango i Argentina, lett og leikent spelt av musikarar i verdsklasse.

Publikum let seg trollbinde av Frode Torjussen si improvisasjon over «Mitt hjerte alltid vanker».

Etter pausen var det Frode Torjussen sin tur til å sette sitt preg på konserten. Med sampling og ein distinkt tone i trompeten ga han ein versjon av salmen «Mitt hjerte alltid vanker» publikum seint vil gløyme. Salmen er eigentleg ein julesong, men kan spelast året rundt så lenge anledninga byr seg. Melodien er både sår og mektig på ein gong, noko Torjussen meisterleg klarte å få fram.

Etter det sakrale og mektige frå Torjussen fekk vi sjå og høyre kva for virtuosar dei fem musikarane i blåsekvintetten ser. Med tre korte satsar kunne dei få mang ein vêrsjuk nordmøring til å få trua på at sommaren kjem til slutt.

Festivalkomponist Frode Fjellheim

Frode Fjellheim er årets festivalkomponist og ga dei frammøtte ein liten smakebit på kva vi har i vente dei neste dagane. Fyrst ga han ein joik som beskreiv Stangvikfestivalen før han joika Svanen. Ein særdeles vakker og melodiøs joik. Her er det berre å glede seg til helgas konsertar med Frode Fjellheim.

Bernt I. Bøe arrangerte musikk frå syngespelet «Med segl og wicmann».

Frå ein sjømanns stoltheit til barnas sakn etter sin far som er på sjøen. Bernt I. Bøe skreiv i 1995, i samband med innviinga av Bøfjorden sjøbruksmuseum syngespelet «Med segl og wicmann». For dei som ikkje kjenner til syngespelet handlar det om miljøet rundt og på sjøen då båttrafikken var sjølve nerven og livsgrunnlaget i mangt eit lokalsamfunn langs kysten. I anledning kveldens opningskonsert hadde han arrangert eit utdrag frå syngespelet, som naturleg nok fekk tittelen 6263.

«Moments of visions» er ei nyinnspela plate som vil bli urframført i Stangvik kyrkje laurdag 1800. Ein beskrivande tittel for festivalen som publikum fekk høyre eit utdrag frå. Frå venstre Adam Kutny, Erik Rosenius, Linard Vrielink og Jaka Mihelav.
Sigrid Vetleseter Bøe avslutta opningskonserten saman med blåsekvintetten.

Heilt til slutt fekk Sigrid Vetleseter Bøe saman med blåsekvintetten æra av å avslutte opningskonserten med «Sommerfuglens nasjonalsang» med tekst av Edvard Hoem og tonesatt av Henning Sommerro. Eit verdig punktum for ein intim og godt satt saman opningskonsert.

Randi, Gunnhild og Nora Vetleseter Bøe stod for kveldens bevertning.
Sigrid Vetleseter Bøe saman med fylkesvaraordførar Line Hoem.
Festivalkomponist Frode Fjellheim.
Powered by Labrador CMS