Britt Grete er ny kyrkjeverje i Rindal:

– Å prøve nye ting og utfordre meg sjølv tykkjer eg berre er artig. Eg seier som Pippi: «Dette har eg ikkje gjort før, så det klarar eg».

– Eg samlar på folk

I haust vart Britt Grete ny kyrkjeverje i Rindal. Koronatid, det høge tempoet som sjølvstendig næringsdrivande, og ein draum om sjømannskyrkja, lokka ho til jobben.

Publisert

Britt Grete Moen er eit kjent namn i Rindal og Surnadal. Ho er forfattar, gründer og frilansar, med mange jarn i elden. No har ho begynt i stillinga som kyrkjeverje i Rindal.

Høgt tempo og korona

Det er mange grunnar til at Britt Grete søkte på jobben som kyrkjeverje, ein av grunnane er kva ho opplevde da koronaen ramma arbeidssituasjonen hennar.

– Da koronaen stengte ned landet var eg akkurat ferdig i eit engasjement på Rindal skimuseum. Eg skulle ha tidenes sesong saman med Gøran Bolme i iTrollheimen. Alt vart nedstengt og det vart ikkje noko arrangement. Eg vart plutseleg heilt utan arbeid.

Til tross for at Britt Grete vart utan oppdrag, kjente ho at den stille tida gjorde ho godt.

– Sidan 2004 har eg hatt mange ballar i lufta. Eg blir fort engasjert i det eg driv med. Koronatida gav meg tid til å tenkje og kjenne på ting, seier ho.

Verden normaliserte seg etter kvart, men det var ikkje før våren 2022 at Britt Grete følte at arrangementa og oppdraga ho levde av kom skikkeleg i gang igjen.

– Eg kjente at noko hadde forandra seg etter den lange «pausen». Kroppen og hovudet mitt hadde vorte gamlare. Eller, eg hadde rett og slett tillate meg sjølv å bli gamlare, smiler Britt Grete.

Ingen snarvegar

Ho følte seg meir sårbar no. Dotter hennar ga ho klar beskjed: «No er det på tide å roe seg ned, folk som er yngre enn deg hadde vorte utslitne av det tempoet du held».

Britt Grete fortel at ho ikkje tok nokre snarvegar i det ho heldt på med.

– Eg gjorde alt tungvindt, skulle eg servere mat på eit arrangement ville eg at alle råvarene skulle vera lokale.

Ho sanka råvarene sjølv, eller var hos produsentane og henta dei. Ho visste godt kor alt ho laga var frå, og kven som sto bak råvarene. Det var, og er, veldig viktig for ho.

– Det røynde på kropp og sjel å vera så dedikert, men eg ville ikkje gjort det annleis. Lokal mat og bærekraft brenn eg for.

Ei tid for alt

Det var på tide å gjera noko anna.

– Eg var usikker på kva eg skulle gjera om eg skulle slutte med cateringa. Det er ei tid for alt, og livet som frilansar tok på, det vart for mykje stress og tungt arbeid. Eg ville ikkje ha ein heiltidsjobb, eg måtte finne meg noko der eg hadde tid til å leike meg attåt, seier Britt Grete og smiler.

Da utlysinga etter kyrkjeverje kom ut, tenkte ho at det var ein jobb ho kunne tenkje seg.

– Sjølv om det er mykje med jobben eg ikkje har erfaring med, så er det mykje eg kan også. Eg har blant anna jobba med rekneskap og kontorarbeid i 20 år.

Ho hadde ingen forhåpningar, men sendte inn ein søknad.

Bucket list

Britt Grete sto på Munchmuseet i Oslo da ho fekk ein telefon frå leiaren i soknerådet i Rindal. Ho spurte: «Kva er motivasjonen din for å søkje på jobben som kyrkjeverje i Rindal?».

– Det første som slo meg var bucket lista mi. Eg har stått på maillista til sjømannskyrkja i mange år. Der ser eg kva jobbar som er ledige. Eg har veldig lyst å arbeide i sjømannskyrkja ein gong. Det står på bucket lista mi, og eg er faktisk veldig god til å gjennomføre det som står på listene mine, smiler Britt Grete.

Å ha erfaring som kyrkjeverje tenkjer ho kan vera eit springbrett til ein framtidig jobb i utlandet.

– Å prøve nye ting og utfordre meg sjølv tykkjer eg berre er artig, eg seier som Pippi: «Dette har eg ikkje gjort før, så det klarar eg».

– Eg samlar på folk

Da vi møter Britt Grete, på kyrkjekontoret i Rindal, er det den tredje arbeidsdagen hennar.

– Eg har så mykje å læra, kva har eg rota meg borti, seier Britt Grete og ler.

– Ting tek tid, og det må eg berre godta, men eg er så utolmodig. Eg må ta ein dag om gongen, heldigvis har eg mange som hjelper meg.

Ho likar godt fridommen i den nye jobben, fridom er noko ho set høgt i livet sitt. I tillegg er ho glad ho har fått faste kollegaer.

– Det er så mykje gode folk her. Det kjente eg med ein gong eg såg dei, seier ho og smiler.

– Eg brukar å seie at eg samlar på folk. Når eg samlar inn stoff til kokebøkene mine, samlar eg like mykje på folk som på oppskrifter. Likeins trur eg det blir i denne jobben, eg gler meg på å møte nye folk. Møte folk med ulike meiningar og tankar. Å høyre på kva andre meiner om lite og stort, tykkjer eg er veldig interessant.

Barnetru

Nokre vart overraska da dei såg at Britt Grete skulle byrje i stillinga som kyrkjeverje, medan nokre ikkje vart overraska i det heile tatt.

– Det er ikkje alle som kjenner bakgrunnen min. Å arbeide i kyrkja er ikkje noko framandt for meg. Eg er nok ikkje den som har vore mest i kyrkja, men eg har eit godt forhold til ho. Når eg er i kyrkja tenkjer eg alltid «kvifor er eg ikkje her oftare». Eg har ei god og trygg barnetru, seier Britt Grete.

Powered by Labrador CMS