Arkivfoto frå 2011-forestillinga

Møter vi «Lady Arbuthnott» i 2021

Koronasituasjonen byr på store utfordringar for Jazzåteatret Produksjon AS som planlegg ny forestilling i juni 2021.

Publisert Sist oppdatert

Les pressemeldinga nedafor.

Pressemelding frå Jazzåteatret produksjon AS

2020 vart som vi alle veit, eit år som vil gå inn i historiebøkene som annerledes. Ikkje noko gikk som planlagt. «Lady Arbuthnott» skulle ha storstilt jubileum, men vart i staden avlyst for første gong sidan 1996. Takk væra sponsorar og offentleg støtte, fekk vi markert oss med diverse arrangement som vart streama, og ein konsert i Hovshall. Men den store folkefesten vart det aldri noko av.

Sunndal kommune har no lagt bak seg ein krevande budsjetthaust, og vi i Jazzåteatret Produksjon AS er utruleg glad for at vi har fått dei rammene vi treng for at vi no skal brette opp ermene i 2021.

Lady Arbuthnott 2021

Vi jobbar med to planer. Vi veit ikkje kva som skjer utover vinter/vår med Covid-19, så vi garderer oss. Vi kontrakterer i desse dagar alt av skodespelarar, musikarar og tekniske leverandørar til ordinære forestillingar i Hovshall, juni 2021. Vi er derimot usikre på om dette er mogleg å få til.

Våre utfordringar for å få sette opp «Lady Arbuthnott» i forhold til Covid-19, er fleire.

For det første er det ikkje lov for vaksne amatørskodespelarar å komme nærmare enn ein meter frå kvarandre. Mange av våre scener innbefattar svært mange mennesker, og vi kan da ikkje øve eller framføre dette før meters-regelen er borte.

I Hovshall er det klare begrensningar på antall publikum. Dette får stor innverknad på våre omsetningstall. Med maks 200 stk pr forestilling, vil vi måtte få inn store beløp på andre vis for å få det til å gå rundt.

I tillegg kjem all anna logistikk med covid-19, med publikumsoversikt, hygiene osv.

Så på grunn av all usikkerheita, jobbar vi derfor no med ein ambisiøs plan B. Vi ønsker å sette opp ein alternativ verson av «Lady Arbuthnott» utandørs på området Leikvin/Elverhøy. Vi vil bruke musikk og manus som allereie eksisterer, men tilpasse det ein ny spellestad, eit litt annleis ensamble og dei gjeldande smittereglar.

Dette gjer vi fordi vi meiner det er serdeles viktig at stykket settes opp til sommaren. Vi er avhengie av våre frivillege for å gjæra dette kvart år, og dersom stykket blir avlyst ein gong til, fryktar vi at mange legg andre planar. Vår organisasjon er tufta på over 80% frivilligheit, og frivilligheit er vanskeligare å skaffe enn innleide profesjonelle.

Sunndal treng Lady Arbuthnott til sommaren. Alle under 30 år som har vokse opp her, kjenner ikkje til ein juni utan «Lady Arbuthnott». Rundt Lady´n er det mange arrangement som er viktige treffpungt for oss alle. Vi minner også om at den store ringvirkningsundersøkelsen utført for Møre og Romsdal Fylkeskommune viste at Lady Arbuthnott sørger for ei meiromsetning på 4,6 mill til lokale bedrifter og næringsliv.

Det er mykje som skal gjærast for å få dette til. Ting må endrast, byggast og tilpassast, men vi er innstilt på å gjæra det som trengs for å få «Lady Arbuthnott» til sommaren. Om det blir i Hovshall, eller på Elverhøy.

Med Helsing frå Jazzåteatret Produksjon AS
Jo Inge Nes
Produsent

Powered by Labrador CMS