Besøk hos 100-åring

Johan Landsem og Johan Røen i samtale i kvar sin stol.
Johan Landsem og Johan Røen fann tonen frå "gamle dagar."

Hundre år med Johan

Johan Røen, frå Røsslykkja i Rindal fyller 100 år måndag 27. februar 2023. Han var gift med Maren og dei har to sønner, Magne og Jarle, som bur i Trondheim og Surnadal.

Publisert Sist oppdatert

Johan Røen og kona Maren har to barn, fem barnebarn der to er døde, og fem oldebarn. Denne søndagen blir det stor feiring av 100-åringen på støggu i omsorgsboligen Austigard. På sjølve dagen, mandag, held feiringa fram, for da har ordføraren varsla at ho kjem, truleg med helsing frå HKH Kong Harald. Og onsdag blir det feiring i lag med dei som er på dagtilbod på Helsetunet. Det må vere såpass for ein hundreåring, og Trollheimporten gratulerer!

Både Johan Røen og broren Jostein arbeidde ved Landsem Skifabrikk. Johan arbeidde der frå starten til han vart pensjonist. I 1976 fekk han gullklokke saman med Odd Børset etter 30 år på skifabrikken.

Utdeling av gullklokker i 1976, etter 30 års tjeneste for Landsem Skifabrikk. Frå venstre: Odd Børset, Even Landsem og Johan Røen.

No bur altså Johan Røen i omsorgsbolig i Austigard på Rindal Helsetun og er ein svært oppegående gammelkar. Han er godt fornøgd med tilveret og har berre godt å seie om dei som hjelper han der. Frå glaset har den gamle skimakaren utsikt mot vegen Skifaret, og kvar vår går 17.mai-toget forbi der.

Landsemski

Johan var av dei første arbeidarane Even Landsem (Evvinn Holt) fekk med seg da han starta opp med Landsemski.

Vi møter han i omsorgsboligen i lag med Johan Landsem. Dei var godt kjente frå før. Røen begynte å lage ski i lag med Even Landsem, far til Johan Landsem. Etter så smått å ha laga ski både heime på Landsem og i Tørrstøggu på Rindalsholt, heimen til kona Inga, bygde Even hus på Holt, og der vart det verkstad i kjellaren.

I kjellaren på Holt fekk Johan Røen arbeid med ski, noko han dreiv med resten av arbeidslivet sitt. Men det var ikkje nok med kjellaren for skiprodusjonen, lakkeringa foregjekk på loftet ved sida av soveromma! Fire år seinare bygde Even skifabrikk på andre sida av tunet på Holt.

Åtte mann kviler seg i matpausen utanfor fabrikken på Holt.
Matpause på Holt, trivsel på arbeidsplassen!
Arne Børset, Odd Landsem, Odd Børset, Kristian Torseth, Johan Røen, Jostein Røen, Johan Landsem og truleg Einar Røen

Det vart ikkje laga berre ski på fabrikken. Johan hugsar han laga både kjelkar og svingtrapper der etter teikningar frå Even. Ein gong skulle han og Even oppå Halgunseten for å sette opp ei svingtrapp. Johan kjørte motorsykkel, og Even satt-på. Han hadde ein del utstyr i ryggsekken, så motorsykkelen vart baktung. Den kjørte mest på bakhjula opp dei bratte bakkane frå Lomunda til Halgunseten.

Johan Røen

Johan Røen hugsar alle åra på Landsem Skifabrikk som trivelege år med gode kolleger.

Johan var ekspert på å bøte ski.
- Det kom mange knekte ski frå Magnar Fosseide Sport i Trondheim, fortel Johan Røen. Byfolka var ekspertar på å bryte ski, men den fanns lokale heltar som også trong hjelp. Johan hugsar det kunne stå ski utafor husa på småbruket hans når han skulle på arbeid om morgonen. Da tok han dei med seg på motorsykkelen eller sparken og reparerte dei.

På småbruket Røslykkja hadde Johan fire kyr på bås, og nokre høner. Mykje av arbeidet med dei fall nok på kona Maren, men Johan måtte nok ta sin del både før og etter arbeidet på skifabrikken. Det vart aldri snakk om sommarferie, for da var det onnarbeid.
- Du brukar alt du tener på farmen, sa rekneskapsføraren til han, sa Johan smilande til oss.

Han fortalte også at det var mange som knekte skia sine når dei kjørte inn i garasjen med skia festa bakpå Folkevogna. Den bilen hadde skifeste bak på bilen, og det gjorde at skia stakk høgre enn bilen - og opninga inn i garasjen.

I 1974 vart det kjøpt inn ein stor kopifres til skifabrikken. Fresen utførte mykje av profileringa av skia etter innlagte malar. Før hadde dei fleire maskiner til å utføre dette. Johan styrte den i fleire år.

Rokokostolen Johan laga på snikkarskolen. Den er laga med bandsag og handhøvel. Maren står bak det vevde stoltrekket.
Kunstferdig bilderåme med yngste oldebarnet Malvin på 5 månader. Råma er laga med fellkniv da Johan var 12 år!
Nærbilde av fotoråma
Johan Røen med ein sønn og eit barnebarn i sofakroken.
Tre generasjonar: Magne Røen, Kristin Røen og Johan Røen.
Diplomen som han fekk for bilderåma.

Prestgardslånna

Prestgardslåna i Rindal vart bygd ferdig høsten 1858 og stod da med langsida langs fylkesvegen. I 1942 vart låna snudd til å ligge langs Kirkevegen. Dette arbeidet var Johan Røen med på. Arbeidet var leda av onkelen, Alfred Gåsvand.

Rindal kirke og Rindal prestegard med langsida mot sør.
Prestgardslåna med langsida mot sola.

Den store, lange tømmerlåna vart snudd 90 grader. Grunnen var truleg at verveggen var lang før. Etterpå snudde langsida mot sør.

Låna vart snudd med handmakt, ved hjelp av spett og donkraft, og lange tømmerbjelkar innsmurt med grønsåpe!

Johan Røen i godstolen

Skiinteresse

På fritida var Johan mykje ute i skog og mark, både i vedaskog og berre på tur. Snausen var eit turmål han har mange minne frå. På slike turar kunne han treffe kjente både frå arbeid og elles.

Mot slutten av besøket vårt kom Johan Røen med dette spørsmålet til Johan Landsem:

- Vart dokk godt behandla av Madshus?

- De e vel son de e, svara Johan Landsem. - Dem kjøft oss for å legg oss ned. Men vi hadde best ski!

Det var begge Johanane enige om!

Johan er fremdeles svært interessert i ski, så i desse dagane med verdensmesterskap er han fast tilskuar. Vi håper det ikkje blir store konflikter under feiringa denne helga. Kanskje gjestene også vil få med seg dei viktigaste fjernsynssendingane!

Powered by Labrador CMS