Reisebrev frå Stockholm – Del I:

Tre voksne står foran en elv
Randi, Sian og Gunnar i Bellmans rike: «Solen glimmar» over Brunnsviken - med glimt av landskapet Haga i bakgrunnen til høgre.

Kulturby med gröna lundar

Visse partitoppar og media omtalar somtid Stockholm som ein pøbelby. At sanninga er meir nyansert, kan du lesa av dette reisebrevet.

Publisert

Med ingeniørsønn Gunnar og songardotter Sigrid buande i den svenske hovudstaden deler vi inntrykk frå besøk der i året som gjekk.

Ingeniørkunst og opera

Gunnar Jostein bur saman med si walisiske kone Sian Eason i bydelen Kista. Han er «applikasjonsingeniør» i firmaet Keysight (avleggar av Hewlett Packard) og jobbar med finmaska programvare innan all slags minielektronikk. Både frå kontoret i Kista og med reiser rundt i mange land hjelper han Keysight-kundane med bruk av teknologien.

Sigrid utdanna seg som songar ved Operahögskolan her. Så møtte ho kollega Erik Rosenius. Saman har dei dottera Augusta (8), som må dele foreldra sine med operapublikum både i Stockholm og mange andre stader. Dei bur i bydelen Råcksta.

Bellman og Brunnsviken

På tvers av ryktet om «pøbelby» let vi oss straks fascinere av alle «gröna lundar» som omgir gammel og ny busetnad i den svenske hovudstaden. Her pustar naturen bredvid kulturminne og moderne notid.

For ein Bellman-elskande korfamilie er ei strandvandring langs Brunnsviken som ei konsertoppleving - der «Solen glimmar blank och trind, vattnet likt en spegel», før «småningom uppblåser vind i de falna segel». Akkurat her klimpra jo trubaduren Carl Michael på sin luta, og vennekretsen istemte «Vila vid denna källa» og andre av hans viseperler medan mytologiens najader leika i bølgjene.

Løftar vi blikket, så stig høgdedraget Haga opp på andre sida av Brunnsviken. Akkurat her budde Sigrid si første tid i byen og kunne bekrefte at «Fjäriln vingad syns pa Haga».

Familiens Figaro

Frå Bellmans rike er ikkje vegen lang til Kungliga Operan - der vår svigersønn Erik utfalda seg i Mozarts overdådige operakomedie «Figaros Bröllop» medan vi var der. Vi kjente han knapt att i den komiske kostymen og frisyren som gjorde han til ein uimotståeleg lattermagnet.

Oversiktbilde fra en fullsatt operasal
Kungliga Operan: Pause i Mozarts «Figaros Bröllop». Kongelosjen til høgre er ledig denne kvelden.
To damer sammen med en teatersminket mann
Hovudrollens Figaro (Erik Rosenius) flankert av Sigrid og svigermor Randi i operakafeen før han entrar scena.
Operasangere tar imot applaus på scenen
Blomster og applaus etter strålande forestilling.

- Stakkars gut, tykte vi der han sprang ut og inn mellom kulissene på den enorme scena - heile tida med virtuose bassparti på leppene! Men synd i han var det definitivt ikkje, meinte hovudrolleinnehavaren – her fekk han utfalde alle sine eigenskapar! At Mozart var jamaldring med Bellman (som også laga opera), fletta opplevingane fint ihop.

Regalskeppet «Vasa» - tidenes skandale

Ingen bør besøke Stockholm utan å gjeste Vasa-museet! Dette emnet åleine kunne hatt ein heil artikkel. Her nøyer vi oss med glimt, men håpar dei vekkjer besøkslysten. Orlogsskipet «Vasa» var gjenstand for tidenes marineskandale. Jomfruturen på hamna i hovudstaden 10. august 1628 endte rett og slett med kollsegling og forlis i lett bris! Manglande stabilitet hadde ulike grunnar – mellom anna dei 64 store kanonane på dekk.

Akterspeilet av regalskipet Vasa med rekonstruksjon av dei fantastiske utsmykkingane - som særleg skulle kaste glans over den svenske kongemakta. Galleria rundt i museet gjer det muleg å betrakte heile skipet på nært hald.
Mann ved siden av kanoner inne i et skip
Mange av kanonane er bevarte, nokre er kopiar.

Kong Gustaf II Adolf si stolthet kantra rett og slett og sokk ned etter ein tur på 1300 meter inne på hamna. Og det medan tusenvis av tilskuarar var vitne! Av hundre og femti ombord miste 30-40 livet. Forsøk på å heve skuta umiddelbart vart oppgjeve på grunn av dårleg utstyr. Etter kvart «ørte» skroget ned i mudderet. Men i mesta hundre år stakk toppen av stormasta opp.

Jente ved siden av en stor mast
Augusta bemannar utkiksplassen – «mersen» - øvst i stormasta. Her skulle vakta helst ikkje bli sjøklein under strid og seglas!

Vart heva i 1961 

Så gjekk det godt over 300 år. I 1956 oppdaga amatørarkeologen Anders Franzén kva som skjulte seg på hamnebotnen. Det viste seg at skroget av «Vasa» så å seie var hermetisert i mudderet og var i «god stand».

Skroget av Vasa er eit imponerande syn, men treng stadig nye tiltak for bevaring og stabilisering.

Etter møysameleg planlegging i fem år vart det staselege regalskipet heva våren 1961 og plassert i det som no er Vasa-museet. Mykje av utstyret ombord var bevart og intakt, andre ting er restaurert eller nøyaktig kopiert .

Filmopptak av den historiske hevinga er blant tilboda til publikum på Vasa-museet. Her ser vi skroget flytande før sleping inn i dokken i april 1961.

Vi viser ein del foto frå besøket vårt og håpar at dei gir inntrykk av det best bevarte og mest verdifulle skipsvrak frå 1600-talet i heile verda. Akkurat no i januardagane 2026 er det nøyaktig fire hundre år sia dei strekte kjølen til dette skipet!

Del II av dette reisebrevet følgjer.

Powered by Labrador CMS