Parsellhage på Oppistua Øye

dame foran pløyd jord
Solveig er klar for ein ny sesong med parsellhage med økologisk dyrking.

Grøne fingrar og gode relasjonar

Solveig Haglund på Oppistua Øye ønskjer å skape eit fellesskap der folk på tvers av bakgrunn og alder kan møtast og lære av kvarandre. No opnar ho igjen parsellhagen for både erfarne og nybegynnarar.

Publisert Sist oppdatert

Solveig Haglund bur saman med Martin Gausen på garden Oppistua Øye, og der driv ho med økologisk småskala grønsaksproduksjon og dyrkar urtar, bær og frukt. Ho har den siste tida arbeidd med å gjere klar jorda for dyrking, og er no klar for å ta imot folk som ønskjer å leie eit stykke jord i parsellhagen. 

hage med sti i midten
Velkommen til hageliv og dyrking på Oppistua Øye.
dame med gulrotsåmaskin i hage
Solveig er klar til å ta imot nye leietakarar i parsellhagen.

Kjem til dekka bord

Ein parsellhage er eit areal med dyrkingsjord, delt inn i parseller med ulik storleik som kan bli leid av folk som vil dyrke grønsaker, urtar, blomar og meir. 

Her kjem ein til "dekka bord" og slepp unna mykje av forarbeidet med dyrkinga. Jorda er ferdig pløyd, frest, harva og gjødsla, og det er klart for å dyrke. Den som leier parsell har ansvar for dyrking, vatning, luking av ugras, og stell av vekstane. Ein kjem og går til hagen som ein vil.

Alt av utstyr ein treng for dyrking er å få lånt på garden, og vatn og utstyr er lett tilgjengeleg. Jorda ligg i eit svært solrikt område, så her er alle føresetnader på plass for å lykkes. 

dame sår frø i jord
Hjå Solveig kjem ein til "dekka bord", med ferdig pløyd og gjødsla jord. Her er det klart til å starte dyrkinga.
parsellhage foran gård
Parsellhagen der ein kan leie eit stykke jord til eiga dyrking

Lågterskel

Det er fjerde året det blir lagt ut parsellar til leie på Oppistua Øye, og det har vore folk i forskjellige aldrar som har hatt nytte av tilbodet. 

– Her er alle velkomne, ungdom, eldre, barn og heile familiar, seier Solveig.

Solveig fortel at av dei som har leid parsell, har det vore folk med mykje erfaring med hage og dyrking, og folk som ikkje har noko erfaring i det heile tatt.

– Eg er her og kan gi tips og råd, og ein kan lære mykje av kvarandre, seier Solveig.

Ein parsell kan vere kjekt for nokon som har flytta til ei leilighet, og saknar det å ha ein hage. Nokon ønskjer kanskje å bruke parsellen som ein inngang til å lære om dyrking, for å starte dyrking heime etter ei stund. 

Det å ha parsell er uforpliktande, da ein leier for ein sesong om gangen. På den måten er det perfekt for den som ønskjer å prøve seg litt med dyrking, eller for den som ikkje har ein eigna plass for dyrking sjølv.

dame raker i jord
I det solrike området er vatn lett tilgjengeleg, og alt av utstyr og reiskapar som trengs er å få lånt på garden.

Ein sosial arena

Formålet til Solveig med å legge ut parseller til leie er å skape ein sosial arena der folk kan møtast på tvers av alder, bakgrunn og erfaring, og lære av og med kvarandre.

Solveig håpar at parsellhagen kan bli ein trygt og sosial stad, òg for dei som er nye i bygda, eller nye i Noreg, og som er interessert i dyrking.

Hageland Surnadal har sponsa garden med bord og benkar, så det går an å ta med kaffekanna og ta ein prat i samband med dyrkinga. Garden ligg i nydelege omgjevnadar, så det er gode moglegheiter for å skape sommarminner med dyrking og fellesskap nede på Øyamoan.

benker i hage
Hageland støtter opp om at folk skal dyrke sjølv, og har sponsa garden med benker som kan brukast av dei som leier jord hos Solveig.

Eit godt tips frå Solveig er å gå saman fleire om å leie parsell. Det kan vere to venner, eller to familiar som dyrkar saman og deler på ansvaret. Ein kan òg gjere avtalar med dei andre som har parsell, om å samarbeide om vatning og stell. 

grønnsaker og blomster
grønnsaker i kurv

Annonse:

Parsellar kostar 500 kr per sesong. 

Storleik på parsellen etter avtale ved oppstart.

Om dette virker interessant for deg, ta kontakt med Solveig Haglund på tlf. 9972268, eller på facebook-sida "Oppistua Øye".

Powered by Labrador CMS