To konfirmanter som tenner lys foran presten i kirka.
Marte og Leon tente minnelysa i Stangvik. Torbjørn Brøske las dei ni namna.

Helgemesse – ein lysets dag

Publisert

Helgemesse - Allehelgensdag - har vorte ein god tradisjon. Mange gjesta kyrkjene våre søndag.

Kyrkjehistorisk er fleire tradisjonar knytte saman i vår helgemessefeiring. Tenning av minnelys har vorte eit sentralt innslag. Når naboar og venner deltek, er det eit varmt handtrykk til den som har sakn å bera. Slik markerer dagen håp og tru ut over det jordiske.

Samtidig er den open for alle og er meint å samle heile kyrkjelyden i fellesskap. Mange opplever glede over det lyset som ordet, songen og prestane formidla. Slik er dette både minnedag og tid for lovsong. Vi gjengir her inntrykk frå nokre av kyrkjene i Surnadal.

Tenkte lys foran alteret i ei kirke.
Minnelysa pregar allehelgensgudstenestene. Her i Stangvik kyrkje.

Ein toneskatt

Torbjørn Brøske gjorde presteteneste i Todalen, Stangvik og Mo kyrkje. I pakt med eldgammal tradisjon song han dagens evangelium – «Sæleprisingane» – med musikk frå Hovlands «Allehelgensmesse».

I Ranes var Vidar Rygh solist i vekselsongane «Bare i håp til Gud». Han gjorde også teneste i Åsskard. Begge prestane formidla Bibelens ord om trøyst og håp.

Korgrupper gav løft til gripande salmar – delvis med klangsatsar attåt melodiar som «O bli hos meg».

Sju voksne personer som står med sangbøker i hendene.
Korgruppa i Ranes: Frå venstre Karen Oddny Husby Gravvold, Ingeborg Heggset, Nancy Anoba Østmo, Stig Sæter, Karstein Svendsli, Roar Østmo og Sigfred Gravvold.

Konfirmantane i kyrkja si

Særleg inntykk gjorde konfirmantane, kyrkja si unge framtid. Dei ringte med klokkene, delte ut program, ordna salmetavlene, danna stilfull prosesjon, tente lys og hjelpte staben på alle vis. Å delta slik i gripande høgtid gir sikkert gode opplevingar å ta med på livsvegen.

Høgtidssamlingar som dette styrkjer kyrkja sin plass i folket. Og viss ein fekk fram at helgemesse både er minnedag og ein lysets dag for alle, ville kanskje enno fleire ha møtt fram?

Konfirmanter, kor og prest i prosesjon opp midtgangen i kirka.
Åsskard: Konfirmantar, kor og prest i prosesjon. John Stinus ber korset.
Konfirmantar og prest under prosesjon opp midtgangen i ei kirke.
Konfirmantar og prest under prosesjon i Todalen. Korsberar er Sivert.
To konfirmanter som ringer med kirkeklokker.
Humor også på ein helgemessedag: Tora og Aleks var ringarar i Stangvik. Og da Aleks fekk fart på den tunge storklokka (med malm frå 1400-talet), vart han like godt med tauet opp i lufta! I bakgrunnen ser vi prospektet av gammelorgelet frå 1910.

 

 

Powered by Labrador CMS