Åsskard kyrkje:

Fem barn(femteklassinger), som står og holder hver sin tegneseriebibel i kirka. Ved siden av den står to godt voksne damer.
5-klassingane vart eigarar av ei festleg bibelutgåve overrekt av Randi og Eva Jorid.

Fargerik haustfest

Alltid kreative Åsskard Bygdekvinnelag skapte fargerik ramme om hausttakkefesten i kyrkja si søndag. Mykje markens grøde prega samlinga.

Publisert Sist oppdatert

Mange barnefamiliar deltok. «Mi kyrkjebok» og «Teikneseriebibelen» fekk nye eigarar. Soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen og klokkar Randi Bøe formidla bøkene som gåve frå kyrkjelyden. Songar frå 4-årsboka prega både utdelinga og liturgien, og det let friskt og livleg.

En prest og to damer, og foran dem tre små barn (4 år). De er i kirka.
Prest Pål Arne, klokkar Randi og leiar Eva Jorid saman med dei frammøtte 4-åringane som fekk «Mi kyrkjebok».

Sokneprest Pål Arne Winsnes peika på mange grunnar til feiring av dagen – også kalla. «haustens påskedag».

Han understreka elles kor unik ei bok 5-klassingane fekk. - Bibelen innenheld i alt 66 bøker, summen av Det gamle og Det nye testamentet, fortalte han.

Godt besøk og aktiv deltaking skaper levande gudstenester. Som ofte elles gjorde forsongargruppa på galleriet ein flott innsats. Kvartetten Kari, Inger, Kirsten og Kristian fortener ros for vel utført teneste.

Det same gjeld Jane og Kari i Kyrkjestua. Full samling ved alle bord kunne nyte deira velsmakande bidrag.

Jau da - det vart haustfest i Åsskard kyrkje også i år!

Fem voksne damer som står foran et bord med frukt og grønnsaker i kurver.
Åsskard Bygdekvinnelag sette preg på haustfesten. Frå venstre Gunda Bele, Gunhild Bøklep Bøe, Kari Sæther, Randi Bøe og Gro Hakstad.
Powered by Labrador CMS