Lene Gåsvatn på prekestolen i Øvre Rindal kapell
Arkivfoto av sokneprest Lene Gåsvatn.

Preika 29. oktober

Publisert Sist oppdatert

Bots- og bededag dreg oss inn i alvoret, inn i konfrontasjonen med at det finst ei dør til Guds rike som er opna for oss og som står der open – berre me vil bruke den. Slik vart det forkynt i Rindalskyrkja sundag 29. oktober:

Den tronge døra. Lukas 13,22-30.

Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?»

Han sa til dei: «Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’

Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’ Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor.

Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»

Slik lyder det heilage evangeliet.

I fyrsten av september skreiv Jon Fredrik Skauge frå Fannremsgarden noko på Facebook som eg ikkje gløymde. No har eg fått lov til å bruke både tekst og bilete i preika i dag – og han syns faktisk det var hyggeleg å bli spurt.

Dette skreiv han i forkant av valet til nytt Bispedømmeråd i Nidaros, og ja, han var den som fekk flest stemmar ved valet:

Åpen dør

«EI OPEN DØR

Sidan eg var berre framvekstring har denne døra vore vegen min inn i kyrkja. Prosten Fagerli fekk meg med som prestens medhjelpar, og sidan vart eg klokkar. Dette har eg halde fram med som frivillig i Orkdalskjerka.

Akkurat denne portalen og døra har ikkje vore for alle. Dette er døra frå prestesakrestiet inn til koret i kjerka. Her går presten og hans medhjelparar. Portalen var det einaste av steinarbeidet frå gammelkjerka som vart flytta over i nykjerka i 1893.

Kan hende vart han hoggen på slutten av 1100-tallet og var då portalen mot syd. Også den gongen for presten. I meir enn 800 år har dette vore inngangen for de geistlige.

No tar eg kan hende steget inn i ei ny dør i kyrkja. Eg står på val til Bispedømmerådet på Nominasjonskomiteens liste i Nidaros. Noko av det viktigste for meg er at kyrkjedøra skal vere open for alle.»

Så langt Jon Fredrik Skauge. Me må gjerne kvittere med å sende nokre gode tankar for vervet han går inn i i Bispedømmeråd og også Kyrkjemøtet.

Døra frå prestesakristiet og inn i koret i Orkdalskyrkja er igrunn akkurat passe breid, altså så breid at ein ikkje legg merke til det. På Tingvoll er det verre, der er døraholet frå sakristi til kyrkjekoret faktisk trongt.

Han som fekk flest stemmer til Bispedømmerådet i Nidaros har som mål at kyrkjedøra skal vera open for alle.

Det er eit stort mål – og faktisk så sjølvsagt at det beint ut sagt skulle vore unødvendig å uttrykke det. Men det er ikkje det. Det er mange nok blant oss som ikkje ser det slik at kyrkjedøra korkje er open eller vid nok for dei.

Nei, dørane er det ikkje nødvendigvis noko i vegen med. Med untak av kordøra på Tingvoll, er dei vel både vide og breide nok.

Grensene blir vel heller sett lenge før ein når døra. Det er så mykje begrensning i forestillingane me har i oss om at me ikkje er bra nok. Noko særleg til syndarar er vel ikkje dei fleste av oss. Kanskje litt meir om me også tek med forsømmelsane i synderegisteret vårt.

Då blir det straks meir: Om me ikkje har gjort oss skuldige i så store forbrytelsar som me er oss bevisst, er det altids eitkvart me har forsømt i både omsorg og pengedisponering, tålmot og tidsbruk.

Om ikkje før, kan det altids stikke litt i oss når me får vekesrapporten på skjermtid. Den tida kunne med fordel vore brukt – bokstaveleg talt til innsats for andre enn oss sjølve.

Jon Fredrik Skauge vil at kyrkjedøra skal vera open for alle. Bokstaveleg talt slår han inn opne dørar med dette utsagnet. Men det er ikkje mindre viktig av den grunn. Me er mange nok som treng å høyre det, innemurte som me er i våre eigne forestillingar om skuld og utilstrekkelegheit.

Like lenge som det har vore kyrkjer her til lands, har kyrkjedørane vore opne for dei verste blant oss. Tenk berre på dei fredlause: Innanfor kyrkjedørane var dei ikkje lengre fritt vilt.

Men det er nok ikkje fyrst og fremst kyrkjedørane Jesus pratar om når han oppfordrar folk til å koma inn gjennom den tronge døra.

Ansporinga til det heile er spørsmålet: Herre, er det få som blir frelst? Og Jesus svarar med at det handlar om å kjempe. Kampen for å koma inn, kampen for å koma igjennom, kampen for å kunne koma seg dit, på rette sida av døra, denne staden dei kallar Guds rike.

Der er Abraham, der er Isak, der er Jakob og der er alle profetane. Så veit me at dei berga. Men kva med oss? Og blir me få, i tilfelle?

Jesus manar til kamp. Kamp for å koma inn, kamp for å vera så nær Herren at me blir attkjent så me får koma inn. Tydeleg nok er det sagt at sjølvsagt er det ikkje. Like lite som det er sjølvsagt at folk skal kunne koma, heilt av seg sjøvle, frå aust og vest og nord og sør og sitja til bords i Guds rike.

Og så er det vel typisk Jesus å koma med dette til slutt, at han vil rote til alt me hadde sett for oss av kø-ordning. Nokre av dei fyrste skal bli dei siste og nokre av dei siste skal bli dei fyrste.

Er det få som blir frelst? Så rart spørsmål. Eg trur heller eg ville spurt på eigne vegne: Du Jesus, korleis ligg eg an, har du trua eg ikkje har, har du trua på meg?

For det er vel der det må liggja, dette som kallast frelse: At Jesus har trua på meg.

Vår tru kan vera mangslungen nok. Til tider underernært. Til tider vanskjøtta. Til tider fint lite å skryte av. Om enn me veit kva me trur på – me kan då tross alt trusvedkjenninga! Og den er i seg sjølv eit godt fundament for livet me fekk: Komprimert og botnsolid, utmeisla og konsis utan så mykje som eit komma for mykje eller for lite.

Kvar foregår kampen for å koma inn gjennom den tronge døra? Den foregår ikkje framom ei kyrjedør. Her i kyrkja er det så mange og så vide dørar at det aldri er nokon problemstilling.

Eg prøver stadig å minne meg sjølv på å velja kampane mine med omhu.

Den viktigaste kampen me er sett i, har me fått skissert for oss her – kampen om sjela vår. Om livet vårt. Om korleis me skal bli berga.

Ingen er tent med at me murar oss inne i vår fikse idè om at me uansett ikkje er bra nok, så det er lite å gjera.

Derimot har me alt å vinne på å la Jesus vinne kampen om sjela vår. Eg veit ikkje heilt korleis det foregår, anna enn at det kan vera ein måte å bytte ut litt skjermtid med bibel og bøn, tur og refleksjon, stillheit og salmesong. For eksempel.

Noko så enket som å tenne eit lys og synge seg igjennom alle versa av salmen Velt alle dine veier, slik me gjorde i starten av gudstenesta, kan ha strålande effekt på eit frynsete sjelsliv. Det er berre å prøve!

Så vil me kanskje, sakte og sikkert, merke at Jesus talar til oss på ein ny måte. Utfordrar oss. Og pakkar oss inn i omsorg og kjærleik – eller som sagt i Åpenbaringa: Dyppar oss i blodet sitt så kleda våre blir skinande kvite.

I alle fall då er me bra nok, ikkje berre til å forsere kyrkjedørane, men også den tronge døra til Guds rike. Kor me kjem hen i køen blir underordna. Like eins om me blir blant dei som kjem frå alle kantar. Hovudsaken er at me kjem og at me blir med.

Og det heile startar – eller får sin restart – i dei versa me skal synge no: Gjør døren høy, riv stengsel ned. I hjertet rom for ham bered.

Det er vel helst den døra, hjartedøra, som har det med å vera i trongaste laget. Me skal ikkje leva lenge med Jesus før me forstår at det er for dumt å ikkje unne seg himmelsk nærvær i hjarta. Så gjerrige på eigne vegne er det ikkje naudsynt å vera.

Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Powered by Labrador CMS