Lene Gåsvatn på prekestolen i Øvre Rindal kapell
Arkivfoto av sokneprest Lene Gåsvatn.

Uhygienisk helbreding

Korleis ville du likt om ein vilt framand stakk fingrane i øyrene dine og toppa heile seansen med å rope Effata, lat deg opp mens han tok sputt og rørte ved tunga di? Tja, - om det var dette som skulle til for å få evne til å høyre og tale, så ville eg likt det svært godt. Så får det våge seg om det høyrest ut til å vera i meste laget grisete. Preika for sundag ligg ved.

Den døve som hadde vondt for å tala. Mark.7, 31-37.

Sidan drog Jesus bort att frå Tyros-området. Han tok vegen om Sidon og drog mot Galileasjøen gjennom Dekapolis-landet.

Der førte dei til han ein mann som var døv og hadde vondt for å tala, og dei bad han leggja hendene på han. Jesus tok han med seg bort frå folket. Han stakk fingrane sine i øyra hans, tok spytt og rørte ved tunga hans.

Så såg han opp mot himmelen, sukka og sa til han: «Effata!» – det tyder: «Lat deg opp!»

Med det same vart øyra hans opna, og bandet som batt tunga hans, vart løyst så han tala reint.

Jesus forbaud dei å seia det til nokon. Men di meir han forbaud det, di meir gjorde dei det kjent. Folk undra seg storleg og sa: «Alt han har gjort, er godt. Han får døve til å høyra og stumme til å tala.»

Høyrde de kva eg las? Fekk de med dykk kva som skjedde her? To menn som ikkje har møtt kvarandre før. Den eine er Jesus. Og den andre er døvstum – altså: Han kan korkje høyre eller snakke.

Men han kan sjå. Og han kan kjenne. Skal tru korleis det er å møte ein vilt fremmand kar som plutseleg stikk fingrane i øyrene dine? Og ikkje nok med det – han tek sputt og røre ved tunga di? Altså tek Jesus sputt på fingrane sine og så tek han på tunga di.

Kva skal me tenkja om det? Eg trur at den umiddelbare tanken for oss er at dette er ekkelt. Og neste tanke går gjerne på både uhygienisk og grisete.

Me går berre ikkje rundt og stikk fingrar inn i øyrene på folk. Og tunga, den er privat. Me tar då ikkje på tunga til kvarandre – endå til med sputt på fingrane?!

Slikt gjer me berre ikkje. Men Jesus gjer slikt. Stikk i strid med kva som er brukeleg.

Så er det heller ikkje brukeleg å helbrede folk – slik Jesus kunne det. Eigentleg trur eg at Jesus kunne berre helbreda utan å korkje seia eller gjera noko.

Kanskje er dette med at han stikk fingrane i øyrene på denne karen som ikkje høyrer og dette med at han tek sputt på hendene og rører ved tunga på han som ikkje kan snakke berre for å vise at det skjer noko.

Han gjer noko med hendene på denne karen som er døvstum, og så skjer det som han seier: Effata, lat deg opp.

Kva er det som er mest slitsomt av å vera blind eller døv, - kva er verst av å ikkje kunne sjå og ikkje kunne høyre?

Dei seier at det er visst mest vanskeleg å ikkje kunne høyre. For då blir du så avhengig av at nokon kan snakke med deg på tegnspråk. Det er så lett å føre seg utanfor når ein ikkje høyrer kva som blir sagt.

Av alt me har fått å høyre, er også dette som blir kalla for evangelium, det Jesus forkynner om seg sjølv, om Guds rike, og at han inviterer oss til å koma dit og vera der.

Jesu stemme er den viktigaste stemmen me høyrer gjennom livet. Jesu stemme som snakkar til oss i Bibelen

– men også når nokon snakkar om Jesus, når me syng salmar, når me er med i gudstenesta, når me deltek og involverer oss.

Kor gjerne vil eg ikkje at de som er konfirmantar må lære dykk til å høyre Jesu stemme gjennom konfirmasjonstida – tydelegare enn før?!

Ikkje slik at det berre blir min stemme og mi masing, men at de høyrer orda frå han som vil alle vèl – at de høyrer slik at de kjenner at «Sanneleg, han Jesus, han angår meg??!»

Det fyrste den døve som hadde vondt for å tale høyrer etter at Jesus har stukke fingrane i øyrene hans og kløpe i tunga hans med spyttfingrar, er Effata. Lat deg opp.

Øyrene vart opna så han høyrer. Og tunga vart løyst så han kunne uttrykke kva han ville seia, meddele seg.

I Salme 40 som me høyrde før i gudstenesta, er det eit vitnesbyrd om at dette skjedde med nokon. Han venta på Herren, og hadde det nok ikkje særleg artig, for det står at Herren høyrde ropet hans.

Og så kjem Herren og bergar han frå det som blir kalla for fordervelsens grav og gjørme og set føtene hans på eit fjell og gjer trinna faste. Så står det: Han la i min munn ein ny lovsong til vår Gud.

Tenk om dette kunne skje med dykk som er konfirmantar?!

– Og ikkje berre dykk, men også familien dykkar, vesle Ludvig og hans familie og flotte gjeng med faddrar, kyrkjegjengarar som har gått her i alle år og kyrkjegjengarar som berre er innom. Tenk om dette kunne skje med oss?

Me veit mykje, men neppe for mykje kva kristen tru går ut på. Tenk om dette kunne skje, at øyrene våre blir opna slik at me høyrer og forstår Jesus og at tunga vår blir løyst så også me kan ta del i den nye lovsongen til Gud. Tenk om – og det kan skje!

Ludvig har fått livsfrøet sådd i seg gjennom døypevatnet i dag, slik de konfirmantar fekk det for ikkje så veldig mange år sidan.

Det skjedde med oss slik me song det:
Gjennom dåpens dype vann kommer du til livets land,
Druknet, død, igjen stått opp som en del av Kristi kropp,
Som en knopp på livets tre – lille barn på voksenkne.

Så fint å vera der og leva og blomstre i dette fellesskapet av menneske som høyrer til i Guds rike.

Guds rike er opna for oss på vid vegg – og så er det berre å be om nåde så øyrene våre blir tilstrekkeleg opna til at me høyrer det og tek det til oss – at alt dette fine er vårt.

Og skulle øyrene våre vera tette, så kan me i det minste sjå teiknet på den ultimate kjærleiken: Korset og døden. Og oppstandelsen for at det også skulle bli mogeleg for oss å bli med inn i Guds rike.

No er eg nesten ferdig – eg skal berre fortelja noko lite som blir kalt som anekdote. Eg skal ikkje forklare den, berre fortelja, og så er det kanskje ikkje så vanskeleg å forstå kvifor den kjem her.

Eg kjenner ein kar som vaks opp med to syskjen som ikkje kunne høyre.

Dei var heilt avhengige av at foreldra og andre brukte tegnspråk når dei skulle snakke med desse to.

Det var sikkert mykje som var vanskeleg for desse to som ikkje kunne høyre. Og så var det noko som var veldig lettvindt:

Hvis dei skjønte at foreldra brukte tegnspråk til å seia noko dei ikkje ville vita, som for eksempel å kjefte eller klage eller be dei om å rydde rommet eller tømme oppvaskmaskina, så trengte dei ikkje å springe for å kunne koma unna masinga. Dei kunne berre lata att augene sine til det heile var over.

Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal, ein sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Powered by Labrador CMS