Samtalegudsteneste i Øyakyrkje

Ungdommer ser opp mot en skjerm som viser en film i kirka

Ei annleis gudsteneste

Publisert Sist oppdatert

Det er godt og vel halvåret sidan ungdommane i Mosokna og Nerbygda i Surnadal begynte å «gå for presten». Desse månadene har dei vore på konfirmantsamlingar, på leir og på gudstenester. Der har dei hatt små tenesteoppgåver med lesing og lysbering, klokkeringing og styring av digitale hjelpemiddel. Det har handla om å sjå kyrkja innafrå, lære tradisjonane, øve seg og bli «kyrkjevant», bli ein del av kyrkjelyden. Kyrkjelyden er eit gammalt ord om alle som samlast ofte eller av og til i kyrkja og høyrer til der.

En gutt sitter på trappa og synger i mikrofonen

No står konfirmasjonsdagane for døra. Torsdag var det «samtalegudsteneste» i Øyakyrkja. «Overhøyringsgudsteneste» heitte det i gamle dagar. Det handla om å «sleppe fram for presten». Skrekken var å «dumpe til eksamen.» I timane før gudstenesta denne torsdagen var det knapt merkande nokon eksamensfeber, men hektisk førebuing i alle krikar og krokar i kyrkja, både i skipet og koret og sakristiet og dåpsrommet, for denne kvelden hadde Vidar prest lagt gjennomføringa av gudstenesta i hendene på konfirmantane, og det var i høgste grad opp til dei kva for ei oppleving kyrkjelyden skulle få. Om det var nokon som kjente på stigande lampefeber, var det kanskje presten. Det handla sjølvsagt ikkje om å sleppe alle tøylar, men at dei vanlege aktørane som prest og organist og klokkar og kyrkjetenar og forsongarar og kyrkjevert steig litt til sides og lét konfirmantane «sette lyset sitt i staken», for å bruke ein gammal kyrkjeleg talemåte. Denne kvelden stråla dei for alle i huset.

Å gå til kyrkje av gammal vane blir stundom omtala meir negativt enn det fortener. Mange er dei vitsane som blir fortalt om at folk sovna under preika. Vi kan snu på det og seie at det var fordi kyrkja er ein trygg og god stad å vere. Men på torsdag var det lite som tydde på at folk sovna under preika eller andre ledd i liturgien. Straks klokkeklangen stilna stod Hedda i kordøra og song: «Joyful joyful!», snart følgd av ei gruppe på 16 syngjande jenter og gutar: «Joyful joyful!» akkompagnert av Tor Alfred og Sigve på el-gitar og slagverk, og eit kort «førespel» av to spretne karar med baklengs rundkast i midtgangen. Så fekk kyrkjelyden følgje opp i norsk versjon: «Ærens konge, nådens Herre, glade vil vi prise deg!», og Eiri samla oss i samlingsbøna.

Det var «Ei annleis gudsteneste», men vi var «komne inn i Guds heilage hus, og venta på Jesus Kristus.» Gudstenesta var attkjennande med syndsvedkjenning, Kyrie og lovsong, bibelforteljing, preike, truvedkjenning, forbøn, takkoffer og velsigning. Eit avvik var samtalen mellom prest og fem konfirmantar om opplevingane i konfirmanttida. Andrine, Lisa, Jonas, June og Magnus fekk vere talsmenn og svare på det presten spurde om, men det dei framførte, var anonymiserte svar frå heile konfirmantkullet: ulike svar om høgdepunkt og utfordringar, ros og ris, om tru og tvil, om gudsbilete og kva Jesus har lært oss, om boda, om korset, om livet og døden og oppstoda. Noko av dette var tema i dikta som Bjørnar framførte.

Skriftlesinga var utskifta med ei dramatisering av ei av Jesu likningar, eit «trekantdrama» om faren og storebroren og veslebroren. Veslebror Åsmund sette seg på kanten av kordøra og fortalte levande og naturleg om sin lykkelege barndom, om sitt ungdommelege overmot og opprør, om spenning og feilvurdering, om vegen frå opptur til djupaste fall då han måtte dele matfat med grisene. Alt til levande bilete frå «karrieren», vist på storskjermen. I andre akt kjem han mismodig og redd heimatt , finn Sindre, far sin, og bed på sine kne om å få vere dreng på garden.
Men far og son endar opp med ei hjartevarm omfamning, og tenarane får det travelt med å kle om nykomlingen og stelle til fest. Med når storebror Theo kjem frå arbeid, sliten og klar med jordhakka på aksla – plikttru og skikkeleg som han alltid har vore - og får vite grunnen til festinga renn sinnet hans over, og han trampar i korplankane så det skrell i kyrkja: For ein urettferdig snillist av ein far han har! Tablået endar likevel med faren som held gutane sine i armkroken, den snille og den ville. Dei står der som eit ope spørsmål.

Spørsmåla blir drøfta i preika som følgjer etter salmen «Som barn i ditt hus…Gi oss vilje og mot til å leve som barn i ditt hus.» Preikestolen er bytt ut med ei samtalegruppe på tre, Ingrid, Jo og Sigve. I denne samtalen prøver dei å vinkle forteljinga om faren med dei to sønene, få fram ulike synspunkt og finne ein felles konklusjon. At dei er tre som framfører og talar så naturleg med kvarandre, utan å «lese» eit manuskript, er ein vri som hjelper oss å engasjere oss i spørsmåla. Hovudsaka stod som overskrift på programarket:

3 ungdommer sitter i en ring og leser høyt for hverandre

Ein stad å høyre til

I den siste delen av gudstenesta kler Vilde og Tor Alfred seg i kvite liturgiske klede og gjer altertenestenesten like naturleg som dei skulle ha vore prestar all sin dag. Under forbøna får dei assistanse av medliturgane Marianne, Trym og Mathias. Etter siste salmen lyser Vilde velsigninga over kyrkjelyden. Snart er alle på veg til kantina på skulen til ein velfortent «kyrkjekaffe».

En gutt og en jente stå kledd i hvitt ved siden av hverandre og leser fra en bok

Det var fleire aktørar med i bakgrunnen, men det er vanskeleg å få med alle namna. Folk frå kyrkjestaben og frivillige var nok også med, men med vilje er dei utelatne i denne omtalen.
Vil du sjå det om att eller for første gong, kan du søkje opp gudstenesta på denne lenkja:

https://www.youtube.com/live/i6ekWimnYpw?feature=share

Powered by Labrador CMS