Surnadal kommune melder:

Viktig informasjon om ferdsel på Kavlvegen kultursti i bygge­perioden

Kavlvegen kultursti på Eidet er som kjent under bygging frå Galtmettet og frå Åsen bygdemuseum. Turstianlegget har formell opning og står ferdig skilta i 2023. Kavlvegen kultursti har fått mykje publisitet og god omtale i det siste, mellom anna på NRK TV og radio. Surnadal kommune sett stor pris på dei positive tilbakemeldingane vi får, men kjem her med ei lita påminning om at turstianlegget ikkje er ferdig.

På vegen nedom Åsen bygdemuseum er det no anleggstrafikk der det blir køyrt inn massar til turstien. Vi ber difor om at folk ikkje parkerer eller ferdast til fots på vegen nedom Åsen i arbeidstida på kvardagar.

Åsenvegen

På Galtmettet er det bygd ein parkeringsplass som mange no brukar for å gå tur langs kavlvegen. Det går fint an å ferdast her på eige ansvar, men vi minner om at det er begrensa plass til bilar når arbeidsfolk er der i arbeidstida. Etter løyve frå Statens vegvesen skal parkeringsplassen på Galtmettet vere reservert for personar som har nedsett funksjonsevne når turstianlegget står ferdig skilta. Alle andre vil da kunne parkere ved Åsen bygdemuseum og gå derifrå.

Daniel Fiske testar kavlvegen.
Kvilebua.

Den romslege kvilebua ved Lomtjønna skal ferdigstillast med sitteplassar og grillplass inne, med tilhøyrande utstyr og retningsliner for bruk. Vi vil legge til rette for kaffekoking og pølsegrilling også utandørs langs turstien, men dette må vi vente med til alt er ferdig.

Kavlvegen kultursti vil bli ein plass der alle kan samlast og trivast, men vi må ta litt hensyn til at området ikkje er tipp topp ferdig enno.

Med vennleg helsing
Anne Lise With Vullum
Prosjektleiar for Kavlvegen kultursti

Powered by Labrador CMS