Fra en fotballkamp. Spillerne går inn på banen.

Cup-feber i vinden på Syltøran

Publisert

Eliteserielaget Molde FK gjesta onsdag kveld Syltøran og Surnadal IL til dyst i NM-cupens første runde. Sur, kraftig vind og ei litt humpete grasmatte får ta noko av skulda for at det ikkje blei levert champagne-fotball denne kvelden. Men heimelaget beit godt frå seg, sjølv om det var eit av noregs beste lag dei sto ansikt til ansikt mot!

Molde opna best og hadde ballen mest i starten av kampen, men klarte ikkje heilt å spela seg til dei store sjansane. Heimelagets forsvar anført av kaptein Tore Næss, ridde stormen av dei første minutta. Men det gjekk ikkje meir enn åtte minuttar før MFK satte den første ballen i nota. Då var det vel fleire på tribuna som tenkte at det kunne bli stygge sifre, men dei blåkledde frå Surnadal forsvarte seg godt sjølv om MFK klarte å setje to mål til før pause. Eit effektivt bortelag kunne altså gå til pause med leiinga 3-0.

Vèret betra seg mykje til andre omgang, noko som gjorde forholda m betre for både spelarar og tilskodarar. Omgangen starta som den første; MFK hadde ballen mest, men uten å skapa dei store sjansane. Det skal eit hardtarbeidande SIL-forsvar ta æra for! Dei stoppa det meste gjestane prøvde seg på. Sander Smevoll imponerte som midtstoppar og saman med keeper Torstein Snekvik og Tore Næss var han blant dei beste hos heimelaget.

Det skulle gå ca tjue minuttar ut i omgangen før Molde skapte skikkeleg trøbbel for vertane; Veton Berisha, som akkurat hadde vorte bytta inn, drog seg inn i feltet og vart felt og dommaren peikte på straffemerket. Berisha tok sjølv straffen og sette ballen i nota til 0-4. Fleire mål blei det ikkje,sjølv om innbyttar Andreas Fjærvik for SIL var nær ved å setje ballen i mål på eit langskot heilt på tampen av kampen.

Fotballkamp på Syltøran. Spillere med publikum i bakgrunnen.
Bra oppmøte.
Fra en fotballkamp på Syltøran stadion. Kamp om ballen foran Surnadal sitt mål.
Kamp frammom SIL-målet
Fra en fotballkamp på Syltøran stadion. Surnadal  - Molde FK. To spillere kjemper om ballen.
Tore Næss let seg ikkje lure av Ola Brynhilsens finter!
Fra en fotballkamp på Syltøran stadion. En Moldespiller blir lagt i bakken tett foran Surnadals mål.
Veton Berisha blir lagt i bakken. Straffespark!
Fra en fotballkamp på Syltøran stadion. En Molde-spiller skyter mot mål, og Surnadals keeper slenger seg etter ballen.
Veton Berisha set straffe i mål, sjølv om Torstein Snekvik ikkje er langt unna å få fingrane på ballen!

Molde FK vann kampen fortent, men heimelaget kan absolutt vere nøgd med det dei viste dei 696 betalande som hadde teke turen til Syltøran denne forblåste mai-kvelden.

Surnadals lag: Torstein Snekvik, Tore Bæverfjord,Tore Næss, Sander Smevoll, Ola Øyen Saltrø, Ingebrigt Løfaldli, Sindre Hyldbakk Kvande, Viljar Fiske Kvande, Sindre Fiske, Frikk Hauglann Talgø, Vegard Gjul innbyttarar: Steinar Kvammen Sæter, Andreas Fjærvik, Henrik Aasbø Kvande

Fra en fotballkamp på Syltøran stadion. Surnadals keeper og en Molde-spiller takker hverandre for kampen. Flere spillere i bakgrunnen.
Torstein Snekvik ,som blei kåra til SIL`s beste, takkar Benjamin Tiedemann Hansen for kampen.
Powered by Labrador CMS