Heimesiger i lokaloppgjer på Rinnvollen

Onsdag var det duka for lokaloppgjer mellom heimelaget Rindal og Svorkmo. Dette var ein treningskamp og oppkjøring til sesong etter den trasige pandemien vi har vore gjennom. Vèret varma meir enn spelet, men no trillar i alle fall lær-kula att!

Publisert Sist oppdatert

Ei knallgrøn grasmatte, god temperatur og det at både mygg og knott glimra med sitt fråver, ga oss bivånarar, ca 80(!) i talet, håp om ei underhaldande forestilling, men noko festfotball blei det aldri! Første kvarteret gjekk føre seg i eit høgt tempo, utan at nokon av laga kom til noko som kunne minna om målsjanse. Det skulle gå i overkant av tjue minuttar før heimelaget kom til kveldens første sjanse, og det var Jørgen Gjerstad som fekk klemt i veg eit knallhardt skot frå kort hald, men Svorkmos burvaktar, Brage Heggem, for øvrig utlånt frå heimelaget for anlednigen, redda meisterleg!

I det 35. minutt fekk bortelaget hol på byllen og sette inn 0 – 1 bak Rindals Anders Grytbakk. Det var eigentleg den einaste gongen Svorkmo truga Rindals forsvar.

Etter dette tok heimelaget meir over og Daniel Eide var nære då han sette ballen i overliggaren etter 40 minutt. Men berre tre minutt seinare fekk den evigunge måltjuven Roy Bolme pirka inn utlikninga. Ballen gjekk i ein fin boge over sisteskanse Heggem til 1 – 1. Det var også pauseresultatet.

I andre omgang var det heimelaget som hadde ballen desidert mest, men klarte ikkje å omsetje overtaket til gjeldande resultat. Det skulle gå nesten førti minuttar ut i omgangen før det verkeleg vart farleg framom Svorkmomålet; Sander Kattem klinka til frå tjue meter og fekk iveg eit skot som snerta aluminiumen. Dessverre på utsida...

Berre eitpar minuttar seinare fekk heimelaget løn for strevet! Etter litt ping-pongspel inne i Svorkmos femmeter, klarte ein av Svorkmos forsvararar å setje ballen i eiga not. Det låg ein eim av offside i trekkjet før, men målet vart godkjend! 2 -1.

Sander Kattem skulle få scoringa si heilt på tampen; Han klemte til med eit hardt skot som gjekk i aluminiumen, men denne gongen på rett side og fastsette resultatet til 3 – 1.

Ikkje det store spelet, men seier vart det og trenar Lars Ole Heggems korte kommentar; «- Bra nau!», stiller undertegna seg bak! Samtidig roste han dei yngre spelarane som fekk sjansen denne kampen.

Gledeleg var det òg at Svorkmos spelarar roste innleigde Brage Heggem under heile kampen! Stort gjort! Eg vel å kåra nettopp Heggem som Rindals beste denne kampen, til trass for at han stod i mål for bortelaget!

Rindal benytta desse spelarane:

Anders Grytbakk, Scott Aasen, Håkon Mikkelsen, Sondre Aune, Jørgen Gjerstad, Erik Bolme, Daniel Eide, Roy Bolme, Jarl Oscar Myklegard, Torstein Heggem, Harald Røen, Steinar Heggset, Jostein Landsem, Sander Kattem, Steinar Møller, Mathias Furuhaug, Oddvar Børset og Mikkel Bakken.

Brage Heggem
Jostein Landsem fyrer.
Publikum.
Powered by Labrador CMS