Rindal IL - Orkanger IF

Publisert Sist oppdatert

Fredag kveld fekk heimelaget Rindal IL besøk av Orkanger IF i herrenes 5. divisjon. I strålande sommarvèr med ein temperatur på over 20 grader og ei grasmatte som minna om eit golvteppe av finaste kvalitet, hadde heimelaget få problemar med å innkassere tre poeng.

Sjølv om heimelaget mangla fleire spelarar som er fast inventar i startellveren elles, gjekk dei kvitkledde rindalingane i strupen på gjestane. Allereie etter vel eit minutt satt første ball i nota. Torstein Heggem fekk god klem på kula frå omlag 16 meter og bortelagets keeper måtte strekkje våpen og konstatere at heimelaget gjekk opp i leiinga.

Etter dette bølga spelet fram og tilbake, med store sjansar til begge lag, men det var dei gule og blå som skulle få det neste målet. Etter ca. 18 minutts spel kontra dei inn til 1 – 1.

Men det skulle ikkje gå meir enn eit par minutt før heimelaget nok ein gong skulle ta leiinga; Steinar Møller fossa fram på venstresida og fann «mål-geita» Roy Bolme inne i feltet som enkelt sette 2 – 1. Det var òg pauseresultatet.

Etter pause gjekk heimelaget rett i angrep, og det gjekk ikkje meir enn fem minuttar før Sander Kattem sprang frå alt og alle og sette 3 – 1! God prestasjon!

Heimelaget fortsette å køyra på og Daniel H. Eide satte 4-1 i det niande minutt etter ein kanonade mot ein litt svimmel burvakt i bortelagets bur! Målscoraren feira med ein salto!

Etter dette veksla det mellom festfotball og middelmådigheiter og det såg ut som heimelaget var fornøgd med ståa. Litt spenning blei det imidlertid då dei gulekledde gjestane reduserte til 4 -2 rundt fem minutt før slutt, men seieren var aldri trua og heimelaget kunne strekkje hendene i vèret og feire ein sterk seier!

Bestemannsprisen denne kampen får Martin F. Bolme som var ein konstant trussel mot orkangerforsvaret!

Dronebilde
Harald F. Røen presser.
Roy Bolme åleine gjennom, men mål vart det ikkje.
Sander L. Kattem med innlegg.

Rindal IL stilte med følgjande lag: Anders Grytbakk, Jørgen Gjerstad, Lars A. Møkkelgård, Steinar Møller, Roy Bolme, Martin F. Bolme, Torstein Heggem, Geir Magne Glåmen, Daniel H. Eide, Roger Eithun, Geir Bævre.

Benytta innbyttarar: Sander L. Kattem, Brage Storholt, Harald F. Røen, Stian Bolme

Powered by Labrador CMS