Elva mot Elvepromenaden

Den populære Elvepromenaden frå Sunnabrua og nedover til Bolme/Torshall i Rindal har fått stor skade i vinter. Elva har gått over breddene og utvida løpet sitt fleire stader.

Publisert

Ved gapahuken er det berre eitt av borda som står att, og Surna har redusert plassen mellom gapahuken og elva.

Eit av borda vart funne att pressa mot eit tre litt nedafor gapahuken. Det er reparert og klart til flytting til det som er att av plass ved gapahuken.

Lenger nede ved elva er det ei bru som var nyrestaurert etter tidlegare flaumskade. Hadde ikkje den vore skikkeleg bardunert, så hadde den nok fått ein lang tur nedover elva.

Det var nok ekstremveret "Gyda" i januar som førte til desse skadane.

Innafor gapahuken ser vi at elva har lagt att mykje grus under flaumen.
Stien må leggast om, for elvekanten er ikkje trygg lenger.

No har dugnadsgjengen til Elvepromenaden mykje arbeid framfor seg, men dei har også bruk for økonomisk støtte. Stien må leggast om fleire stader, og det blir både maskinarbeid og utgifter til fylling og planering.

Oddvar Løset, som er kasserar for venneforeninga til Elvepromenaden, takkar Svorka som alt har kome med økonomisk støtte. Han oppmodar både private og bedrifter til å støtte restaureringa av den populære Elvepromenaden både økonomisk og med dugnadsinnsats.

Elvepromenaden har eiga Facebookside.

Berre på den korte timen Trollheimsporten var på fotoreportasje så møtte vi eit titals personar. Elvepromenaden er knytta til sentrum med gangbrua Sunnabrua.

Mange utvider turen med å gå om Skjølsvold-, Bjørnstad- og Grytbakkgardane og ned til Elvepromenaden. Det blir ein bra rundtur. Ein kan også få ein rundtur ved å gå gangvegen langs Fv65 og Elvepromenaden.

Her har Surna lagt att ein stor grusbanke på denne ekra. Elveløpet er bak trerekka,
Buskene langs elva har samla mykje rusk og rask.
Powered by Labrador CMS