LESERINNLEGG:

Svært store ut­fordringar i omsorga for dei eldste eldre

Publisert

Om få år er vi fleire eldre enn born og unge i Norge. Samstundes blir det stadig færre sjukeheimsplassar, og stadig større mangel på folk i helsestellet i landet vårt. Statistisk Sentralbyrå (SSB) sine framskrivingstal seier sitt.

I samband med dokumentarserien «Brennpunkt: Omsorg bak lukkede dører» har NRK snakka med mange eldre og deira pårørande. Fleire ønskjer å bu på sjukeheim, men får ikkje plass. Mellom dei er menneske som er livredde for å falle, menneske som fryktar ein einsam slutt på livet og menneske som tek til å gløyme. Mange kallar situasjonen for ein krise i omsorga for dei eldste eldre.

Det er likevel all grunn til å gi stor ros til tilsette i helse, pleie og omsorgstenestene, pårørande og frivillige aktørar for gjennomgåande framifrå eldreomsorgsinnsats rundt om.

I den situasjonen vi no er inne i er det viktig at dei folkevalde i kommunane tek på alvor dei synspunkt som kjem frå dei eldre sine organisasjonar og råd. Eldreomsorg er ei sentral kommunal oppgåve.

I min heimekommune, Surnadal, er det ei kjend sak at det har vore delte meiningar om nokre av dei nedlagde sjukeheimsplassane i kommunen skal takast i bruk eller ikkje. Det er også eit faktum at eit fleirtal i Surnadal kommunestyre har stemt ned forslag om å vurdere og utgreie om nokre av dei 8 nedlagde sjukeheimsplassane skal takast i bruk igjen. Dette er fakta som heilt klårt kan dokumenterast ved å gå gjennom protokollane for kommunestyremøta for første halvår i 2022. Eg har i tidlegare lesarinnlegg sitert ordlyden i dei nedstemte forslaga. Eg finn derfor ingen grunn til å gjenta desse her. Det har heller ikkje kome merknader som sår tvil om desse kjensgjerningane.

No er det slik at når dei som søkjer om sjukeheimsplass får avslag kjem dei ikkje på venteliste. Derfor er det så viktig at terskelen for å få plass ikkje blir for høg. Det er viktig at dette blir skikkeleg gjort kjent. Vidare bør ein unngå at ferdigbehandla pasientar blir verande på sjukehus lenger enn nødvendig som følgje av at det ikkje er ledig sjukeheimsplass i eigen kommune. Da kan det fort bli store utgifter til gebyr. Å leige sjukeheimsplassar i andre kommunar bør ein og prøve å unngå i det lengste. Blir vegen for lang blir det meir krevjande for dei pårørande å besøke sine kjære.

Talet på dei eldste eldre i Surnadal vil auke i åra frametter. Framskrivingstala frå SSB talar sitt tydelege språk i så måte. Elles er stoda slik at med fleire eldre i høg alder vil det bli fleire demente mellom oss. 60-80 prosent av bebuarane ved våre sjukeheimar er demente. På dette feltet har og vil Surnadal kommune få ei stor utfordring i åra frametter. Pårørande til demente personar utfører ofte ein framifrå innsats for sine kjære. Det er viktig at desse får avlasting slik at dei ikkje slit seg heilt ut. Det er inngått samarbeidsavtale om eit meir demensvennleg samfunn mellom Surnadal kommune og Nasjonalforeningen for folkehelsen. Det er å håpe at denne avtalen kan gi grunnlag for ein betre kvardag for dei demente og deira pårørande. Så langt ser dette svært så lovande ut! Til dei som er med i samarbeidet: Lykke til med ei viktig oppgåve!

Johs. J. Vaag

Powered by Labrador CMS