LESERINNLEGG:

Ikkje alltid like lett å tale dei eldste eldre si sak

Publisert Sist oppdatert

For nokre år sidan vedtok kommunestyret i Surnadal i budsjettsamanheng å legge ned 8 plassar ved Surnadal sjukeheim. Vedtaket blei gjort for å spare pengar. Dette saman med høgare fråvær som følgje av koronasituasjonen og vanskar med å skaffe vikarar førte til at utskrivingsklare pasientar frå sjukehus ikkje fekk det nødvendige tilbod om heildøgnomsorg.

4. november 2021 vedtok kommunestyret i Surnadal Bustadpolitisk plan 2020- 2024. På side 12 i denne vedtekne plana heiter det: «Slik situasjonen ser ut no vil det vere meir aktuelt å satse på vidare utbygging av omsorgsboligar, enn å byggje fleire sjukeheimsplassar.»

Partikollega Nils Petter Tonning og underskrivne sette fram eit forslag om eit tillegg til nemnde siterte tekst i plana. Forslaget hadde følgjande ordlyd: «Rådande situasjon tilseier at det alvorleg bør vurderast å ta i bruk nedlagde sjukeheimsplassar snarast råd. Viser i den samanhengen til at det for budsjettåret 2021 ligg an til å bruke om lag 1. mill. kr. til gebyr vedkomande ferdigbehandla sjukehuspasientar som ikkje har fått noko behandlingstilbod i Surnadal.»

Ved voteringa i kommunestyret røysta 8 kommunestyrerepresentantar for forslaget medan 19 stemte i mot. Dermed fall forslaget om å vurdere og ta i bruk nedlagde sjukeheimsplassar.

Formannskapet har seinare drøfta situasjonen og fatta vedtak der kommunedirektøren blir beden om tidleg i 2022 å legge fram ei sak for kommunestyret der dei folkevalde kan ta stilling til prioriteringar innan helse og omsorg. Dette på kort og lengre sikt for å avhjelpe situasjonen for utskrivingsklare pasientar og andre som har behov for heildøgnomsorg. Det blir bede om synleggjering av kostnader og gevinstar ved dei ulike prioriteringane i saka. Eit flott innspel, etter mitt syn.

FrP meinte det var naturleg at kommunedirektøren i denne samanhengen også greidde ut om det kunne vere fornuftig å ta i bruk nokre av dei nedlagde plassane ved Surnadal sjukeheim. Det blei vist til at Surnadal eldreråd i sine kommentarar til budsjettet for 2022 hadde nemnd 2-4 plassar. Eit oversendingsforslag frå FrP blei avvist av eit fleirtal i Surnadal kommunestyre den 16. desember. Forslaget lydde slik: «Surnadal kommunestyre ber kommunedirektøren vurdere om det kan vere føremålstenleg å ta i bruk 2-4 nedlagde sjukeheimsplassar for å avhjelpe situasjonen der utskrivingsklare pasientar må bli verande på sjukehus lenger enn nødvendig.»

Eit svært positivt lyspunkt her var at vår dyktige ordførar gjekk inn for det nedstemte oversendingsforslaget. Dette standpunktet til ordføraren sette eg for eigen del svært stor pris på.

Dette med å vurdere og greie ut om ein skal ta i bruk nedlagde sjukeheimsplassar ser etter mitt syn ut til no å ha blitt ei fastlåst prestisjesak for mange kommunestyrerepresentantar i Surnadal.

Elles har eg no gjennom snart 3 valperiodar vore med på å oppleve at forslag som eldrerådet har gått inn for ikkje har fått tilslutning i kommunestyret. Eg har i mange år, noko trist til sinns, dratt heim etter budsjettbehandlinga i kommunestyret. Men, eldrerådet har også fått gjennomslag for nokre av sine forslag. Oppretting av eldrearbeidsprisen var ei slik sak. Eldrerådet kom med dette forslaget i samband med rullering av kulturplanen for kommunen først på 2000-talet. Rådmannen tok ikkje med forslaget frå eldrerådet i si tilråding. Men, eit benkeforslag framsett i kommunestyret vart samrøystes vedtatt. Denne prisen har vore utdelt årleg sidan 2011. Vedtak om halvering av satsen for eigenandel vedkomande tryggleiksalarm blei først vedtatt ved tredje forsøk i 2010. Først på 2000-talet hadde Surnadal nemleg den høgaste eigenandelsatsen for tryggleiksalarmar av alle kommunane i Midt-Norge. Vidare har budsjettposten omsorgslønn blitt auka etter initiativ frå eldrerådet.

I åra som kjem er det all grunn til å tru at det vil bli eit aukande press på kommunen sine velferdstenester. Dette som følgje av at talet på dei eldste eldre vil auke. Framskrivingstala frå Statistisk Sentralbyrå talar sitt tydelege språk i så måte. Med fleire eldre i høg alder vil det bli fleire demente mellom oss. 60-80 prosent av bebuarane på våre sjukeheimar er demente. På dette feltet har og vil Surnadal kommune få ei stor utfordring i åra frametter.

Til slutt i dette lesarinnlegget vil eg, som så mange gonger før, peike på at dei tilsette innan helse, pleie- og omsorgssektoren i Surnadal gjennomgåande utfører ein framifrå jobb. Stor takk for framifrå innsats, ikkje minst i desse koronatider!

Johs. J. Vaag

Powered by Labrador CMS