Jerv

Rovviltutvalget i Surnadal og Rindal arrangerer dialogmøte 1. desember

Onsdag kveld arrangerer Rovviltutvalget for Surnadal og Rindal rovviltmøte i Svorkasalen på Skei.

Møtet er delt i ein bolk for jegerar og ein bolk for beitebrukarar. Innlegga er til dels dei same i begge bolkane.

Det blir lagt vekt på informasjon om korleis rovviltforvaltinga er bygd opp og korleis bestandsvurdering og kvotefastsetting foregår.

Det blir orientering om viltkameraprosjekt, og erfaringar med elektronisk overvaking med GPS-klavar frå ulike leverandørar.

I begge bolkane blir det orientert om korleis beitenæringa arbeider politisk med både jaktregelverk og med bestandsmål, bestandsvurdering og tapsforebyggande tiltak.

Rovviltnemnda, Statsforvaltaren, SNO, NINA, NORSØK m. fl deltek.

Møtet blir halde etter samråd med kommuneoverlegen og i tråd med gjeldande anbefalingar.

ANNONSE:

Dialogmøte Rovdyr (trollheimsporten.no)

Powered by Labrador CMS