Surnadalsprest Vidar Rygh og Åsskard-klokkar Randi Vetlester Bøe under innleiinga til barnedåp. Sitjande Lene Gåsvatn (sokneprest i Rindal) og medliturg Rannveig Brøske.

Pinsehøgtid

Stramme koronaomsyn hindra ikkje årets felles pinsefest i Stangvik kyrkje. Dei lovlege benkeplassane var fylte, tre barn vart døypte og tekster og tonar formidla andens høgtid.

Publisert Sist oppdatert

Rett nok vanta det kyrkjebåtar, nattverd og kyrkjekaffe. Men ein påpasseleg teknisk stab, dyktige prestar og medliturgar attåt ein sprudlande Bjørn Vevang ved orgelet delte festdagen med dei hundre frammøtte.

Prestane Brøske, Gåsvatn, Grutle og Rygh utførte kvar sine liturgiske oppgåver. Sistnemnte sørga også for å streame messa på nettet. Medliturgar var Rannveig Brøske og Randi Vetleseter Bøe.

Fellesgudstenesta opna med prosesjon av dåpsfølgje og medverkande.

I preika minte prost Leif Endre Grutle om Jesu siste samtale med læresveinane, der han sa at han laut døy for å fullføre sitt livsverk. Men kjærleiken han gav dei, måtte dei halde levande. Og Jesu lovnad om å sende sin trøystar og talsmann vart oppfylt den første pinsedagen. Slik skaper Anden trua i oss og held den levande, sa Grutle om rikdomen vi feirar denne helga.

Avtroppande prost i Indre Normøre, Leif Endre Grutle, heldt dagens preike.
Stangvik-kyrkja klar for ny felles pinsegudsteneste.

Takkofferet i gudstenesta vart gjeve både som vipps og i kontantar og gjekk som vanleg på pinsedag til eit prosjekt som Det Norske Misjonsselskap driv i Etiopia-området.

Powered by Labrador CMS