Hans Torslett med det synlege beviset på at han er noregsrekordhaldar.

Torslett sette noregsrekord

23. september i år fekk Surnadal Idrettslag ein noregsrekordhaldar, då Hans Torslett skaut 525 poeng på Norgesrunden i barebow.

Ingen norske utøvarar i Torslett si klasse, Menn 50, har nokon gong levert eit betre resultat.

Dette melder Surnadal IL på Facebook-sidene sine.

I Norgesrunden i barebow skyt deltakarane 72 piler på 80 centimeter store blinkar frå 30 meters avstand.

Oversikt over kven som har dei ulike noregsrekordane i barebow utandørs finn du her.

Trollheimsporten gratulerer!

Powered by Labrador CMS