Trollheimstankar

Gunnhild Vetleseter Bøe inviterte oss på kaffe i vinterhagen i det stilige huset i Bøfjorden

– Det beste som finst er ein blank dag i kalenderen

Hei, Gunnhild! Har du ein tekst eller eit dikt du vil dele med lesarane av Trollheimsporten?

Publisert Sist oppdatert

"Gjev at ingen med grunn kan få nemna
vi er bygda til skade og skam!
I vårt hjarta vi varmt vil deg femna,
med vårt strev vil vi hjelpa deg fram!"

Slik lyder det i den siste strofa i "Kring ein fjord", songen som Gunnhild Vetleseter Bøe vil dele med oss.

– Desse orda sa storesøster Nora til oss da ho køyrde oss på fest, ler Gunnhild.

–Det var sagt som spøk, men vi tok det på alvor. Alt ho Nora sa var "lova" for meg. Ho har alltid vore mentoren min og eit førebilete. Kanskje eg ikkje hadde sitte her i dag om ikkje eg hadde hatt strofa i bakhovudet, seier Gunnhild og smiler.

"Kring ein fjord" har alltid vore i livet til Gunnhild. Da ho var lita trudde ho det var nasjonalsongen vår. Da ho fann ut at han ikkje var det, tykte ho at "Kring ein fjord" godt kunne bli Noregs nasjonalsong.

Songen minner ho om høgtid, om at alle reiser seg og syng han utanboks. Det er nesten som ho har lyst til å halde handa på brystet.

– Eg får vel høyre det no, at eg har valt denne songen, "typisk bøfjording". Likevel finn eg ikkje nokon annan tekst som betyr meir for meg.

Kryssord, P2 og sprengte høgtalarar

Gunnhild bur saman med Anders og dei to sønene deira på Hagaberget på Heggemneset. Det er langt frå Skei, frå skule, butikkar og fritidsaktivitetar. I enden av ein grusveg ned mot fjøra ligg huset deira, eit moderne funkishus med store vindauge.

Sjølv om huset er stilig er det på ingen måte stivt og kaldt. Det er lett å sjå at det bur kreative vaksne og barn her. Legoprosjekt, bøker, dinosaurar, King Kong, planter, gamle og nye møblar i ein blanding som får ein i godt humør. Her blir det leika!

Sjølv om det er mange forskjellige stilar og uttrykk, verkar ingenting tilfeldig.

Varmt hus: Huset til Gunnhild er nytt og moderne, men likevel varmt og kreativt
Påminning: Ei påminning på veggen: "Ikkje få panikk"
Kult interiør: Ein "planteportal" inn til kjøkkenet

Huset er godt å vera i, og det er viktig for Gunnhild. Ho er glad i heimen sin.

– Det beste som finst er ein blank dag i kalenderen, seier ho.

–Eg blir ikkje stressa av å ikkje ha noko å gjera. Å vera heime og berre gjera ingenting er så godt. Da drikk eg kaffe, løyser kryssord og høyrer på P2. Å klippe plen tykkjer eg berre er artig. Da slepp eg å trimme den dagen. Og så tykkjer eg det er gøy med hage. Eg stussar tre, går amok med hagesaksa. Vil at trea skal bli slik bonsai-aktig. Anders synes det går over styr, seier Gunnhild og ler.

–Nei, no høyrest eg skikkeleg utgamal ut.

Ho forsikrar oss om at ho også har sprengt to høgtalarar etter å ha høyrd på alt for høg musikk medan ho dansa som ein fjortis.

–Eg kjenner meg som ein 14-åring. Nei, kanskje som ein 18-19-åring, da.

Sjøen

Gunnhild og Anders budde i Trondheim da dei bestemte seg for å flytte til Bøfjorden.

– Vi ville nærmare folket vårt da eg vart gravid, fortel Gunnhild.

– Ei helg vi var heime besøkte vi storesøster Nora som bur på Heggemsgarden. Ho viste oss tomta. Det var berre kratt der, og ei gravemaskin. Eg klatra opp på gravemaskina og såg rundt meg, da såg eg alle villbringebærbuskene og utsikta mot sjøen. Noko rørte seg i meg.

– Om du er oppvaksen ved sjøen blir ein nesten avhengig av å sjå vatn. Ved sjøen er du i kontakt med resten av verda, eg kan sette meg i gummibåten og ro til Amerika om eg vil, smiler Gunnhild.

–Å sjå på vatn gjer så godt åt kroppen. Vatnet forandrar seg heile tida. Fargane. Bølgene. Rørslene av liv i sjøen. Det er lyden av nisene ein høyrer først, "puff", og så dukkar nisa opp.

Sjøen: Å kunne sjå vatn er viktig for Gunnhild

Bilturterapi

Gunnhild og Anders brukar ein del tid i bil, minst ein time om dagen på ein vanleg kvardag.

– Han er ikkje så fæl den bilturen, skjønner du. Det er terapitimen min det. På turen heim har eg kvitta meg med arbeidsdagen når eg har passert Bæverfjorden, da har eg fått bearbeidd både det eine og det andre. Da er det Anders sin tur, men da blir det ofte berre stilt, ler Gunnhild.

Å komme heim til Hagaberget om ettermiddagane tykkjer ho er godt. Ho likar at det er lite som skjer rundt henne her.

– Her treng eg ikkje ta omsyn til mykje folk. Det er godt å bu litt for seg sjølv.

Sjølvironi: Gunnhild, ei dame med ein god porsjon sjølvironi

Kjenner seg ikkje vaksen

Sjølv om stilla på Hagaberget er god, er ikkje Gunnhild alltid av den rolege typen.

–Eg får ofte høyre at eg er kreativ, og det kan kanskje stemme, men gjennomføringsevna står det dårlegare til med.

– Skulle opna ein bed & breakfast, veit du. Baka og ståka, og gjeve gjestane frukost før eg sendte dei vidare. Kunne arrangert bryllaup og dåp her ute på Heggemsneset. Eg har mange idear, men å sette dei ut i livet, der stoppar det seg.

Gunnhild kjenner seg ikkje vaksen.

– Av og til tenkjer eg at det er rart eg har fått meg fast jobb, seier Gunnhild og ler høgt.

– Eg er lærar, men eg kan ikkje skriva på tavla, det blir berre tull. Tru om det er nokon som berre har gjeve meg ein jobb for at eg skal ha ein meiningsfull kvardag. Barmhjertigheit frå storsamfunnet, liksom.

Drama og golvvask

Gunnhild er ikkje ei som tek seg sjølv høgtideleg, ho er god til å gjera spetakkel av seg sjølv.

– Eg tilpassar meg i dei fleste miljø, og kjem godt overeins med dei eg møter, men likar best å halde meg i bakgrunnen. Det er lite dramatikk i livet mitt, heldigvis, eg ynskjer å vera naiv i staden for paranoid, smiler Gunnhild.

– Nokon vil kanskje kalla meg godtruande.

Gunnhild tar livet som det kjem, og tykkjer det er skremmande godt å ikkje vite kva som kjem til å skje.

– Det beste er å berre komme heim på Hagaberget og slenge seg på sofaen. Vaske golvet gjer eg sjeldan, "det er ikkje bra for golvet, det", seier dei.

KRING EIN FJORD

Kring ein fjord under skogkledde lier,
ligg vår heimbygd med gard og med grend
som er redd i frå utgamle tider,
av dei heimkjære kvinner og menn.
Her så vonfullt dei sådde sitt sæde,
her dei hegna og freda si jord.
Deg vår Bøfjord vi vigjer vårt kvede,
her er heimen, vår far og vår mor!

Deg vi elskar ved høgsommartider
og i haustsol når lauvet ditt fell -
og når snø ligg i lægder og lier -
månegull over fjord, over fjell.
Men når vårmorgon ljosnar mot dagen,
fuglen kvitrar sin solosong mot sky
medan blomen står doggvåt i hagen,
ligg du solgylt og strålande ny.

Her, ja her budde fedrene våre,
her sin hugnad, si glede dei fann.
Tider skifte med smil og med tåre,
men dei trudde og stridde - og vann!
Kanskje grunnen dei rudde var mager
og dei levde i slitsomme kår,
men om heimen var trong, var han fager -
helst når dagane lengdest mot vår.

Deg vår heimbygd vi unge vil æra
alltid trugne i hjarta og hug.
Deg og dyrkja vår hugnad skal vera,
du skal eiga vår kraft og vår dug.
Gjev at ingen med grunn skal få nemna
vi er bygda til skade og skam!
I vårt hjarta vi varmt vi deg femna,
med vårt stev vil vi hjelpa deg fram!

Powered by Labrador CMS