Samla ved museet – frå venstre Jon Mogstad Neergård, Judith (Bele) Bøe – nyvunne kyrkjefat, Eldbjørg (Bøe) Søyseth, Grethe (Bøklepp) Engerud, Brit Stolsmo, Ella (Bævre) Bøklepp og Anton Bøe.

Festdag med gjensyn

Publisert

Åsskardkyrkja danna ei festleg ramme om nye konfirmantar og 50-årsjubilantar som møttest til gudsteneste søndag. Og jubileet fortsette på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Vinterens hovudpersonar, 2023-konfirmantane Ole Jørgen, Martin, Fredrik, Arnstein og Vegard innleia gudstenesta med stilig prosesjon. Under presentasjonen stilte prest Torbjørn Brøske spørsmål om kva dei forventar seg av vekene som kjem og av konfirmasjonsdagen i mai. Samtalen vekte både munterhet og ettertanke.

2023-konfirmantane Ole Jørgen (frå venstre), Martin, Fredrik, Arnstein og Vegard vart presenterte med humor og stil av Torbjørn Brøske.

Refleksjonar

1972-konfirmantane var også gjenstand for artig intervju, ispedd dei typiske refleksjonane som er Torbjørn prest sitt varemerke. For høvet var salmevalget – i alle fall delvis – henta frå jubilantane sitt ibuande repertoar.

Prest Torbjørn intervjuar 50-årskonfirmantane Anton Bøe (frå venstre), Jon Mogstad Neergård, Eldbjørg (Bøe) Søyseth, Ella (Bævre) Bøklepp, Judith (Bele) Bøe, Brit Stolsmo og Grethe (Bøklepp) Engerud.

Dagens preike bygde på Jesu tale om å bygge livet på fast grunn. At forskjellen på berg og sand under huset er avgjerande i ekstreme versituasjonar, er aktuell problemstilling ikkje minst i våre klimatider!

Gode minne

Etter gudstenesta møttest 50-årskonfirmantane til middag og hyggesamver på museet i Bøfjorden.

Geilkalvane anno 1972 – frå venstre: Eldbjørg Bøe Søyseth, Brit Stolsmo, Jon M. Neergård, Grethe Bøklepp Engerud, Anton Bøe, Ella Bævre Bøklepp og Judith Bele Bøe.

Gode minne frå skulen og konfirmanttida krydra treffet, også med bilete på lerretet. Gjensyn med venner frå oppveksten skaper tidlaus samkjensle, noko stemninga bar preg av.

Anton og Brit henta fram mange minne – i høveleg ramme av med skule, båthistorie og sjøliv.

Under quizen frå gamle dagar vart det både attkjenning og grubling. Alle hugsa at vinter-OL i 1972 var i Sapporo og at Nixon vart president i USA. Men dialektordet «åbord» og byggeåret for Bæverfjord skule sat lenger inne.

Jubileum eller ikkje: Utlodning er alltid spennande. Judith Bøe var mestvinnande og kan dertil pynte veggen heime i Sivertstua med hovudgevinsten, Sigrun Hesjehagens klassiske fat med måleri av Åsskard-kyrkja!

Powered by Labrador CMS