En mann som spiller gitar og en som spiller trekkspill.
Ronald Åsgård og svoger Aksel Iversen besørga taffelmusikken.

Kulturtur til Bøfjorden

Publisert

Sytti pensjonistar frå Kristiansund gjorde historiesafari Nordmøre rundt søndag. Målet var Bøfjorden og museet der.

Etter besøk i Tingvoll-kyrkja, med orgelmusikk ved Tor Strand, gjekk turen med dei to bussane til Svinvik Arboret – der den sydlandske vegetasjonen gjorde inntrykk denne vakre sommardagen.

Kyrkjebesøk i Åsskard

Omvisninga i Åsskard-kyrkja gav følelsar hos mange.

– I denne fonten er eg døypt, sa Ildri Bøe Halset.

– Og soldatbautaen utafor er til minne om ein nær slektning som fall i krigen.

Andre, som Guro Warmøy Bøklepp, mintest konfirmasjonen her.

Reiseleiar Bengt Ericsson let seg imponere over sjølve kyrkjebygget og heldt eit spontant miniforedrag om det fabelaktige snikkararbeidet frå 1875.

– Dei hadde stort tømmer å skjera av! sa han og peika på dei ein-lengte panelingsborda oppover heile kyrkjeveggen.

Taffelmusikk og smak av kleppfisk

På Bøfjorden Sjøbruksmuseum var det middag, kleppfisksuppe - som seg hør og bør. Den var kortreist, levert av Buakokkå, og fekk raust med lovord. Og når mange langs borda bekrefta at dei hadde arbeidd på «klippfeskbergan», var jo slik velsmakande suppe det ideelle måltidet før kaffen kom på bordet. Her fekk forresten dei seks kjøkendamene fortent applaus.

En forsamlig som sitter rundt små bord inne på et museum.
Kulturtreff og kleppfisksuppe på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Taffelmusikken tok svograne Aksel Iversen (trekkspel) og Ronald Åsgård (gitar) seg av. Song og dansemusikk av edel årgang fall slik i smak at somme tok seg ein svingom. Så er da også museet eit tidlegare kino- og danselokale!

Ei dame og en mann som danser.
Magnhild og Reidar Kjelle avrunda museumsbesøket med frisk svingom.

Kultursafari bygda rundt

Gruppa vart delt i to. Eine bussen drog på kultursafari bygda rundt – med Inge Dønheim som guide. Tidlegare tiders båt- og skipsbygging, fraktemiljø, sagbruksdrift (frå hollendertida på 1600-talet til dagens Bøfjorden Sag), småbåthamn, campingplass, fotball- og skytebane og det nye Bøfjorden Grendahus var tema som låg ved ruta.

Bøbrua frå 1964 bind heile fjordbygda saman. Og Settemsdalen kan skilte med både dramatisk historie, bureisingsbruk og moderne juletreplantasje.

Godt besøkt museum

Så bytte dei på. Inne på sjøbruksmuseet fortale historielagsleiar Bernt Bøe laust og fast om bruken av huset som i 1995 vart omdanna frå forsamlingshus til museum. Kvar sommarsøndag seinare har historielaget hatt ope hus med kaffe, kåseri og historiske foredrag her. Sia starten har langt over 20.000 besøkt museet. I snitt er over 50 innom – tilsvarande bortimot 20% av innbyggartalet i bygda.

Museet viser historie om bygging (med handreiskap) av seglskuter og havgåande dampfarty. Her er modellar og foto av jakter, galeasar og gamle «Bøfjords Rederi» fyller lokalet, saman med fiskeutstyr, ein klinkabåt (teknikken som no er del av Unescos verdensarv), tønnemakarutstyr og endatil ei autentisk drakt frå 1957-filmen «Same Jakki».

Hindenburg takka bøfjordingane

Båtane til Bøfjords Rederi var alle bygde her – Ds «Bøfjord» i 1914, legendariske «Skrøyfa» i 1915 (20 meter nedafor museet) og «Hjelmen I» i 1917. Dei dreiv moderne snurpefiske ved Island før 1920 og eksporterte til England, Tyskland og Polen. Og tenk at sjølvste rikspresident von Hindenburg personleg heidra Bøfjord-mannskapet da dei berga eit tysk mannskap etter forlis i Østersjøen i 1924!

Galeasen hans bestefar

Biletet av galeas «Svanhild», bygd på Nordvik i 1889 og still sailing on, vekte særleg interesse hos Ildrid Fløystad Pettersen:

– Far Nils og bestefar Oluf var skipperar på «Svanhild» !

Her dukka det også opp muntre anekdoter og ramsalte replikkar frå mannskap på desse seglskutene – som frakta Skrei frå Lofoten til kleppfiskberga på Nordmøre.

Drama med «Riddervold»

Til fjordhistoria hører Møre-dampane, som batt by og bygd saman i hundre år. Foto av «Statsraad Riddervold» dokumenterte denne sitt forlis ved Skrøvsetholmen rett bortafor museet i 1944. Enda verre kunne det ha gått krigsvåren 1940, da eit tysk fly sleppte bombe over «Riddervold» i Omsundet. Heldigvis eksploderte ho ikkje, men den forderva-vridde vengen av same bomba, som no hører sjøbruksmuseet til, viser at ho hadde daska hardt mot bru og dekk på dampen!

Ei dame som holder opp to gamle redskap.
Museet får stadig nye gammel-ting til samlinga. Denne dagen kom Ingeborg Eide med to over hundre år gamle fiskeknivar etter bestefaren.

Kunnskapsrik forsamling

Fascinerande ved besøk slike dagar er all den erfaring og kunnskap som gjestane kan bidra med. Her kunne folk fortelje om gulltransporten med «Driva», om Hamnes-jakta «Brødrene» som vart frakteskute på Levanger, om skjering, tørking og eksport av torskemagar – til klaring av vin i Spania! Her kunne ein fortelje at han hadde vore kaptein i utanriksfart, ein kunne bruke Skrøyfa-sekstanten å navigere med, og ein hadde som mopedist kollidert med syklisten Hans Hyldbakk i Surnadalen ...

Dessverre vart det ikkje tid til Bøfjorden aller sterkaste historie – dramaet om Mannbjønnen i 1770-åra.

Men det kan bli ein annan gong. For fleire av gjestene tykte besøket freista til gjentaking ...

Powered by Labrador CMS