Hans Hyldbakk 125 år:

Hyldbakk-bautaen ved kommunehuset i Surnadal
Hyldbakk-bautaen ved kommunehuset i Surnadal.

Ved eit Hyldbakkjubileum

Publisert

Den 8. mai for 125 år sia vart Hans Hyldbakk fødd. Med rette blir han hugsa som den store kulturprofilen han var. Det er ikkje er lett å sette merkelapp på ei slik livsgjerning.

Kanskje er det ein smal og forminska Hyldbakk vi markedsfører i dag? På sine gamle dagar ironiserte han over tillagt orakel-status og over bruken av «Vårsøg» i alle samanhengar: - No skin det sol i alle lie, og gudsord bli det tå alt eg sie!

Husmannshistoria viktigast!

Eg spurte han ein gong om kva han rekna som det viktigaste han hadde gjort. Svaret kom kontant: - Historia om husmannsplassane!

Altså ikkje dikta – sjøl om mange fekk rettmessig status som folkeeige, mykje takka vere Henning Sommerro sine melodiar. Ikkje bøkene med eigne opplevingar. Heller ikkje den enorme bygdebokproduksjonen – der han sjølsagt også omtalar husmannsplassar. Eller den uvurderlege fotosamlinga han skapte. Men altså dei lågaste på rangstigen: Husmennene!

Eg siterer litt frå Åsskard-boka hans: - Ikkje noko tykkjest meg så stort som dette å rydje seg heim i stein og ulende og skapa ny livsvokster og bergingsvon der det ikkje fanst før. … Ikkje noko stand har lagt så mange nye provinsar til landet dei siste hundreåra som nettopp husmennene våre.

Et eldre laftet hus, Arnøra i Bøfjorden – ein av dei 60 husmannsplassane i gamle Åsskard.
Arnøra i Bøfjorden – ein av dei 60 husmannsplassane i gamle Åsskard.

Pliktarbeid og fattigdom

Og han finn det nødvendig å forklare: For ein middels plass med to kyr og åtte-ti sauer plikta husmannsfamilen å arbeide for gardeigaren to veker i slåttonna, to dagar om våren og to om hausten, ein gjetardag i veka og å skjera eit par mæling korn.

Eldste husmannsplass i Åsskard var Omna ved Stakkneset - nemnt i 1665. Fattigdommen var stor. Vi hører at Jo Jonson frå denne plassen i 1738 vart dømt til «at miste sin Hud i Fængsel formedelst Tyveri» – han hadde vel naska eitt eller anna i «naudverge».

Utover 1700-talet vart det bygd mange husmannsplassar under gardane, men aller mest i 1800-åra. Berre i lille Åsskard var det 60 husmannsplassar i 1875.

Moment i jubileumsåret

I jubileumsåret for Hyldbakk bør vi ikkje glømme å trekkje fram det bygdehistorikaren og diktaren vår sette høgast. Vi må ikkje ikkje redusere betydninga hans til nokre (om enn aldri så gode) viser og artige Kleiva-brev.

Powered by Labrador CMS